Nesheimstølen

Nesheimstølen er eit godt utgangspunkt for turar vidare innover fjellet, sommar som vinter.

Påskestemning med utsikt til Nesheimstølen

 

Stølsvegen 

Stølsvegen går opp innannfor Nesheim, frå RV 313. Starten oppover Hjedlastølen og vidare til Skreløo, er den brattaste delen av vegen. Frå Skreløo går det slakkare opp til Dikje. Snart kjem ein så til dei særmerkte Kvilesteinane. Her er godt å kvile, halvvegs til stølen, med fin utsikt attende til Nesheim og Eksingedalen, som snor seg oppover mellom fjella. Oppover mot Hjedlahaugen vert det brattere att, før ein på toppen ser ned mot Monsdalen og Nesheimstølen. Turen tek omlag ein time.

Turtips

Gryteberget

På vegen til Gryteberget krysser ein den gamle ferdslevegen frå Ekse til Brekkhus. Øvrefjellsvegen. Denne vegen er råd å finna, og kan følgjast ned til Vinningsleitet som er det høgste punktet på RV 313.

Kristnipo og Eksestølen er også fine turar som er fine med utgangspunkt på Nesheimstølen, sommar og vinter.

Gryteberget er fin sommartur. Gå vidare opp i Stordalen og så mot Sølvbergatjødna og Sølvbergahaugane. Her vil ein finna eit berg med kleberstein, Gryteberget. I det mjuke berget kan ein tydeleg sjå at det er teke ut emner til gryter. Ca 45 minutter å gå frå Nesheimstølen.

meir fisk