Nesstølen

Stølsvegen

Nesstølen ligg i eit fint tereng i Sørdalen, på den gamle fjellovergangen mellom Eksingedalen og Øvstedalen i Voss kommune. Han ligg på motsett side av elva i høve til gardstunet, slik at folk måtte bruke båt når dei skulle til støls før i tida.Det er framleis råd å gå den gamle stølsvegen frå Nese om du går over elva på demningea nedanfor Nesevatnet og innover mot Storneset.Det er likevel lettast å gå over brua på garden Flatekval (den brua som ligg sørvest for kyrkja) for å komme inn på stølsvegen. Du følgjer då dalføret innover Sørdalen heile tida. Vegen er lett å gå både sommar og vinter, utan særleg bratte stigningar. Det tek om lag ein time å gå til stølen.

Kartet er litt missvisande. Det kan se ut som om ein skal krysse elva på veg til stølen. Dette er ikkje riktig. Gå på høgre sida innover heile vegen.

Stølen

Nesstølen er gamal. Han har truleg vore støl for dei fire bruka på Nese heilt frå dei vart tekne opp etter svartedauen, det vil seie i førstninga av 1600 talet. Det var gode beitevidder og godt gras på Nesstølen. Kvar av dei fire bruka hadde sitt eige stølshus med mjølkesel og stove heilt til 1928. Det var den store rasvinteren, og då vart alle sela tekne. Våren etter gjekk eigarane saman om å byggje opp att eit hus. Det vart brukt nokre år, men før siste verdenskrig vart det slutt på stølsdrifta. Det står framleis eit hus på stølen, og det er i god stand.

 

meir fisk