Stølsliv i Eksingedalen

Eksingedalen har mange fine stølar og fjell som innbyr til gode opplevingar i naturen.

I samband med områdetiltaket "Levande Fosselandskap" 2000-2003, vart det i Eksingedalen gjort eit stort arbeid med å rydde og merke stølsvegar. Gamle stiar vart leit fram att og bruer vart istandsette. Dei mest brukte vegane vart også rydda og merkt på ny med blå merke. Det vart sett opp informasjonsskilt ved stølsvegen til dei fleste stølane i dalen, og laga brosjyrer med informasjon om dei ulike stølane. 

Dette arbeidet har gjort stølane meir tilgjengelege og mange har hatt glede av dette. Idrettslaget i dalen har også ein årleg stølatrim, der det vankar premier til dei mest ivrige stølsgangarane. Det er difor du finn kasse med bok ved mange av stølane. Her er det kjekt om alle som besøkjer stølen skriv seg inn. 

Sal av brosjyrer

Det er laga brosjyrar på 19 stølar. Nokre av desse stølane ligg på nettsida her, men det er utfyllande beskrivelse av turen og stølane i brosjyrene. Det er laga eit hefte med alle 19 stølane samla. Dersom du ynskjer å bestille desse brosjyrane, kan du kjøpe desse samla for kr 150 + porto. Klikk her for å bestille.

Stølsliv i Eksingedalen

Kvar einaste gard i Eksingedalen har støl, og somme har hatt fleire stølar. Det gamle norske ordet for støl, "stodull", tyder ein stad der buskapen vart samla og mjølka. Opphaveleg var dette såleis ein mjølkeplass, og ikkje ein støl med hus på. Dei stølane vi her omtalar som stølar i Eksingedalen, er stølar med hus.

Stølsdrifta i Noreg er svært gamal, men i Eksingedalen var det enno i 1723 mange gardar som ikkje hadde støl.Mange av stølane våre har altså blitt tatt i bruk etter den tid. Stølen vart lagt til eit område med god beitemark for kyrne, og tida på stølen hadde mykje å seie for at mjølkemengda skulle auke etter ein lang vinter med knapp tilgong på fòr. 

Budeiene

Det var kvinnene som var på stølen, og helst døtrene på garden. Jentene var ikkje gamle før dei måtte vere budeier, ofte byrja dei i 12-års alderen. Det vart nok mange tunge bører for unge ryggar.

Sidan stølane ikkje låg så langt inne på fjellet, var det ikkje så vanleg her at budeiene budde på stølen. Oftast gjekk budeiene opp på stølen til kveldsstellet, overnatta der til neste morgon, og gjekk så heim for å arbeida på garden når dei var ferdige med mjølkestellet om morgonen. Det kunne nok bli strie dagar, for det var ikkje alltid at kyrne heldt seg nær sela. Mange gonger måtte budeiene gå langt og leita både lenge og vel før dei fann kyrne som skulle mjølkast. 

Budeiebaltar

Mange stader fulgte ein av gutungane på garden med budeia på stølen. Han skulle hjelpe til med å finne kyrne, og han var ofte att på stølen når budeia gjekk heim om dagen for å hjelpe til i slåtten. Oppgåva hans var då å halde greie på kvar kyrne var til budeia kom opp att om kvelden. Mange Eksingedalsgutar har starta arbeidslivet som budeiebalt, og det var som oftast ei fin tid. Etter spanskesykja ( 1918-1920) var det mange av dei som overlevde som opplevde å få helsa att som budeiebalt. 

 

 

meir fisk