Turprogram turgruppa 2017

 

Søndag 5.februar: KOM DEG UT DAG, frå kl 11.30 på Nesheim
Søndag 19.mars: Skitur til Blånipa eller Blåvasshorgi,
                                Oppmøte kl 11 ved Markhuset før Brakestad
Langfredag, 14.april: Kvitanosi, start frå Gullbrå frå kl 11

Torsdag 25.mai: Sykkeltur frå Gullbrå til Modalstunnelen i samband med at sykkelrittet ”Tour des Fjords” passerer Eksingedalen. Fellesarrangement  mellom Eksingedalen IL og Bygdarådet.

Onsdagstrimturar, alle startar kl  18:
24.mai
: Vetlejordstølen
31.mai:  Eikefetstølen
7.juni: Nesstølen
14.juni: Frå Bergo til Mjelkeplassen, Yksendalstølen og vidare til Yksendalen
 

16.august:  N esheimstølen
23.august: Nonhaugen
30.august: Gullbråholmen
6.september: Trefallstølen

Endringar kan skje, følg med på www.eksingedalen.no
Sjekk heimesida før kvar tur!

 

Fjelltrimmen til turgruppa omfattar i alt 15 turar, 12 til stølar og 3 til toppar. 

Her er oversikta over kor mange poeng du kan sanka på dei einskilde postane.

1.     Eikefetstølen : 3 poeng

2.     Vetlejordstølen : 2 poeng

3.     Nesstølen : 3 poeng

4.     Flatekvalstølen : 2 poeng

5.     Lavikstølen : 1 poeng

6.     Haugastølen: 2 poeng

7.    Yksendalstølen : 3 poeng

8.    Kultatoppen : 1 poeng

 9.    Nonhaugen : 3 poeng

10.  Nesheimstølen : 3 poeng

11.   Brakestadstølen : 2 poeng

12.  Trefallstølen : 2 poeng

13.  Eksestølen : 3 poeng

14.  Gullbråholmen : 3 poeng

15.  Kvitanosi : 8 poeng

 

På stølane og på Kultatoppen er det kasser med bøker der ein kan registrera seg når ein er på tur. På Nonhaugen er boka i eit syltetøyglas i varden. For Kvitanosi er boka i ein kasse på det gamle geitaselet på Gullbrå, fordi varden på toppen er nedisa om vinteren. 

Dei som er medlemmar av Eksingedalen IL og besøkjer alle postane oppnår "kruset". Krusa går inn i ein serie, med motiv frå postane. For 2017 er Kultatoppen motiv på kruset. Det er også premiering for dei som har flest poeng i aldersklassane 6-12 år, 13-16 år og for vaksne. I tillegg vert to gåvekort tilfeldig trekt ut mellom trimmarane. 

Bøkene vert samla inn etter haustferien, veke 41. 
Sesongen 2017 varer frå oktober 2016 til bokbyte i oktober 2017.

Turgruppa i Eksingedalen IL 2017:

Liv Anne Bergo, leiar
Solfrid Urke Nese
Aud Marit Brønstad Bergo

meir fisk