Uttale Beinheller pumpe

Til NVE

Konsesjonsavdelinga

 

 

Uttale frå Eksingedalen Bygdaråd om Beinhelleren pumpe

 

Bygging og drift av Beinhelleren pumpe vil føra med seg ei rekkje ulemper. Grunneigarar, grunneigarlag, ei rekkje organisasjonar og Vaksdal kommune har gjeve uttaler der det samla sett er stor skepsis til og motstand mot prosjektet.

 

I det alt vesentlege deler Eksingedalen Bygdaråd denne skepsisen, og kan ikkje tilrå utbygging verken etter det eine eller andre alternativet.

………………

 

I tillegg til det som er teke opp i mange av uttalane mot Beinhelleren-prosjektet, ønskjer vi med dette å ta opp eit forhold som vi ser på som ein betydeleg metodisk feil i utgreiingsarbeidet.

 

Det gjeld bruken av ei rekkje former for gjennomsnittsvurderingar. Dersom ein brukar gjennomsnitt, middelvassføring og andre omgrep med same meining i vurderingane, kan ein lett hamne ut i det meiningslause. Det vert som den kjente utsegna:

 

«Statistikk er den vitskapen som seier at dersom ein har eit bein i fryseboksen og eit anna på kokeplata, så har ein det i gjennomsnitt riktig fint».

 

Beinhelleren pumpe vil påverka vassføringa i Ekso. Dette gjeld elva frå Trefall og nedover til og med Fosse, der verknaden er størst, og frå Vegaskiftet (rett ovanfor Lavik) og nedover der påverknaden vert litt mindre på grunn av at Fagerdalselva kjem inn i Ekso.

 

Vassføring i elva no

 

Vassmengda i elva varierer enormt. Når det ikkje er nedbør eller snøsmelting, har elva svært låg vassføring.

 

I dei «tørre» periodane er vassføringa i elva nede på eit absolutt minimum. Store parti av det stilleflytande elveløpet vert blottlagt. Ingen tek opp fotoapparatet for å sikra seg gode inntrykk av Eksingedalen, slik elva då er. Sportsfiskarane uteblir. Folk kjem rett og slett ikkje hit for å fiske i stilleståande dammar. Fossane er slappe, og redusert til sildrebekkar.

 

Vatnet til den 45 km lange elva kjem frå nedbør og snøsmelting nedanfor (nedstraums) dammane i Askjelldalen og Grøndalen. Det er ingen minstevassføring med slepp frå desse  to magasina.

 

Dette gjer at vassmengda i elva svingar i takt med nedbøren i sjølve Eksingedalen, og endringane skjer raskt.

 

På under eitt døger etter at det tek til å regne, stig vatnet i elva betydeleg. Biletet av dalen vert dramatisk endra, dei 14 fossane bruser og drønner. Dei vert flotte naturopplevingar og dalen står fram som eit levande fosselandskap. Vilt og vakkert. Det er ei oppleving det er verd å dela med besøkande til dalen, både via fotodokumentasjon og ved eige syn.

 

Dette er dei « normale» svingingane i elva no – store deler av året.

 

I tillegg kjem periodane med snøsmelting og gjerne regn samstundes. Då kjem flaumane. Elveleiet vert reinska opp. Ein del av tilgroinga vert riven opp med rota av ismassane. Fisken i elva får kanskje litt meir næringsstoff, men toler støyten godt. Bøndene i dalen får stein og trestubbar, sand og grums inn på bakkane. Slik er naturen. Og så det visuelle på pluss-sida: Fossane vert eit mektig syn, vilt og fantastisk.

 

Det som her er omtala, er ytterpunkta. Dei har vi kvart år, med ei elv som stig til eit enormt volum og går ned til eit utriveleg minimum fleire titals gonger årleg.

 

Skal ein berre rekna eit gjennomsnitt for tilhøva i Ekso, er det ein reknemåte som har null verdi for folket i Eksingedalen, for hytteeigarar, tilreisande fiskarar og turistar som overnattar i dalen.

 

Synspunktet vårt skal vera tydeleg: Vi vil ikkje ha fleire dagar i året enn no med låg vassføring.

 

Denne problemstillinga, som er heilt overordna for Eksingedalen kjem ikkje fram dersom ein reknar berre på gjennomsnittet. Nokre eksempel:

 

·         Brosjyra som BKK har laga og sendt ut om konsesjonssøknaden, fortel ikkje noko om korleis Beinhelleren pumpe skal drivast: Det er ikkje mogeleg å lesa seg fram til om Eksingedalen får fleire dagar i året med den omtala låge vassføring.

·         KU-rapport om reiseliv og turisme tek ikkje med i vurderinga at det kan bli fleire dagar med redusert vassføring dersom det vert utbygging, og konsekvensane av dette. 

·         KU-rapport om fiske seier heller ikkje noko om konsekvensane av fleire dagar med låg vassføring, og då meir spesifikt konsekvensane for talet på tilreisande sportsfiskarar.

·         Omtale av tilgroing i Ekso i konsesjonssøknaden og tilhøyrande dokument tek ikkje opp vurderinga om kva som vil skje dersom elva får fleire dagar enn no med låg vassføring, og korleis generelt lågare vassføring vil påverka tilgroinga.

·         Konsesjonssøknaden klargjer ikkje fordelinga eller driftstida av pumpeaktiviteten i forhold til vassføringa i Ekso.

Dette er berre nokre døme på at det vert gjort gjennomsnittsvurderingar for vassføring, tilsig, fisket, tilgroing og andre tema, medan vi som bur ved elva meiner at «gjennomsnitt» i alle sine variantar er meiningslaust sidan kontrastane er så store.

 

Sagt med andre ord: Det er ikkje mogeleg gjennom ein KU-prosess å gjera ein fagleg forsvarleg jobb dersom utgangspunktet berre skal vera eit gjennomsnitt. Det er ikkje gjennomsnittet som  plagar folk i Eksingedalen. Plaga er alle dei dårlege dagane i høve til elva. Får vi fleire av dei? Vert dei dårlegaste dagane endå verre? Med slike spørsmål kan vi berekna tapa vi får med færre tilreisande, færre overnattingar, redusert verdi for fiskarar, og så vidare.

 

På denne bakgrunn ville vi finne det naturleg at NVE sendte søknaden attende til BKK til ny vurdering, der utgangspunktet må vera endringane i vassføringa.  

 

Etter det vi kjenner til er det mest vanleg at NVE sender høyringsuttaler over til søkjaren til kommentar og vurdering. Om dette vert tilfelle, vil vi be om at det vert laga ein eigen miljørapport for konsekvensane for Ekso.

 

Her må utgangspunktet vera at det må gjerast klart korleis pumpa Beinhelleren skal drivast, og kva konsekvens dette får for vassføringa i Ekso i dei periodane der vassføringa i elva ikkje er stor.

 

Det er sjølvsagt at dei som lagar KU-rapportar for BKK i denne saka, også treng eit slikt utgangspunkt. Først då kan dei vurdera konsekvensane for tilhøva for Eksingedalen, på ein fagleg tilfredsstillande måte.

 

BKK har stor kunnskap om det vi ber om, all den tid selskapet på presis måte har rekna seg fram til ein årleg produksjon. Det går vel knapt nok an å få til eit slikt reknestykke utan å vita grovt kor tid og i kva mengde det skal pumpast.

 

Konklusjonen for oss er enkel: Det er umogeleg å sjå bort frå konsekvensane som rammar Ekso med låg vassføring. Dette kan ein ikkje lesa seg til verken i konsesjonssøknaden eller KU-rapportane.

 

Inngrep og avbøtande tiltak

 

Eksingedalsvassdraget og fjellområda ovanfor er sterkt belasta med kraftutbygging, dammar og magasin, bekkeinntak, kraftleidningar, store landskapssår og opne steintippar.

                                                                                            

Vi som bur i Eksingedalen og nyttar dalen og fjellområda både til næring og rekreasjon, har gått gjennom konsesjonssøknaden alle KU-rapportar og vedlegg – ord for ord. Vi kan ikkje sjå at det er planlagt andre avbøtande tiltak enn dei som skal reparere eller dempe skadeverknader.  Det finst ikkje eit einaste tiltak – til dømes miljøtiltak - som gjev noko som helst betring i høve til utgangspunktet.

 

 

For Eksingedalen Bygdaråd

 

 

 

Liv Anne Bergo        Olav Gullbrå      Svein Tollefsen       Gunnar Hatland

 

 

 

 

meir fisk