Endeleg M A R K N A D!
23. august 2025. Då vert det Eksingedalsmarknad på Lavik. Det er berre å merka av datoen i kalendaren - og gle seg!
Ledig jobb på Oppveksttunet!
Det er ledig jobb i Eksingedalen, for fagarbeidar 2 dagar i veka! Kan òg vera aktuelt med fleire dagar i veka.
Teater i Ljosheim: B. Dybwad Brochmanns forsvarstale
Grendahuset Ljosheim inviterer, i samarbeid med Folkeakademiet og Fjaler Turneteater, til teateroppleving i Ljosheim denne veka.
Ta turen til Grendahuset torsdag 5.juni klokka 20. Billettar kan kjøpast i døra eller på førehand.
Skodespelar Kyrre Eikås Ottersen spelar alle rollene, og stykket er sett i verk av Torkil Sandsund frå Fjaler Turneteater. Stykket har turnert i nokre veker, og har teppefall i Ljosheim.

Idrettsmerket i boks!
Ein gjeng på seks personar gjennomførte krava til idrettsmerke søndag kveld.
Oppveksttunet har hatt ryddeaksjon!
Eksingedalen oppveksttun har rydda søppel. Mandag 19.mai var ryddedag for heile oppveksttunet. Barnehagen plukka søppel rundt barnehagen og skulen, medan resten av elevane rydda langs fjellvegen, på Fylkesveg 5410.
Ei gruppe starta på Utsikten (mot Teigdalen). Heile vegstrekninga frå Mjelkegjelet og Ormaset til Nesheim vart rydda for brøytestikker og anna boss.
I lekse denne veka ryddar elevane heime – og oppveksttunet oppmodar alle i Eksingedalen om å rydda sin del av dalen vår.

Nasjonaldagsfeiring 2025 i Eksingedalen
Ein triveleg og tradisjonell fest vart det lova frå komiteen, og det fekk me. Varmt og fint, og passeleg med avkjølande vind for dei som hadde bunad.
Årets butikk! I Eksingedalen!
Måndag denne veka fekk butikkeigar Hege Marie Lavik den gjeve utmerkinga: Butikken på Lavik i Eksingedalen vart Årets Merkur-butikk i region Hordaland 2025.
Prisen vart delt ut av Merkur-programmet på Merkur-programmet sin regionale konferanse måndag kveld. Prisen går til butikkar som er gode døme for andre og viser korleis lokalbutikken kan vera ein viktig møteplass og motor i bygda.

To ledige jobbar ved oppveksttunet!
Det er to ledige jobbar knytt til oppveksttunet i Eksingedalen:
40 % barne- og ungdomsarbeidar
30 % reinhaldar
"Løp og søk"!
Næringsbygg til sals
Utan innlagt straum og vatn
Bygsla tomt på 500m2
Tilkomst via privat veg
Byggeår 2014-15
Adresse:
Eksingedalen
Sørdalsvegen 111
For info ta kontakt med Rune Nesheim tlf: 91621107
Bygsla tomt på 500m2
Tilkomst via privat veg
Byggeår 2014-15
Adresse:
Eksingedalen
Sørdalsvegen 111
For info ta kontakt med Rune Nesheim tlf: 91621107
Nilsalopp, bingo, ski og påskekos i Eksingedalen!
Som vanleg har det vore ei innhaldsrik påske i Eksingedalen. Loppemarknad, bingo, Nilsalopp, skiturar, fotturar, rebusløyper og lokal påskemoro. For å nemna noko.
Folketalet har sannsynlegvis vore minst tredobla, og butikken på Lavik gjekk "nesten tom" for mat.
Eksingedølane er takksame for at så mange tilreisande støttar opp om aktivitetar i bygda; handlar lokalt på Nærbutikken vår, kjøper lopper og spelar bingo!

Tufteparken er klar til bruk i påska
Det var stor-dugnad sist veke for å få klar Tufteparken. 21 små og store lempa og grafsa fallsand utover, med iherdig arbeidslyst. Dei yngste prøvde ut ulike aktivitetar innimellom grafsearbeidet, før dei lempa på att! Å jamna ut 150 tonn fallsand til 40 cm djupn gjekk som ein draum, i solnedgangen.
No ventar alle på grusing av fotballbana, noko Vaksdal kommune har løyvd pengar til. Denne grusinga skjer ganske snart, seier kommunen. Etter det vert det ei offisiell opning av Tufteparken, men bruk den så mykje du vil i påska!