No er det komme opp fine skilt over bygda sine informasjonstavler. Tavlene skal fortlja "Kva skjer?" og gje informasjon om "Sal og utleige" i Eksingedalen
Eksingedalen stiller sterkt når Kong Harald kjem på offisielt besøk onsdag 27.mai. Anna Sveinungsdatter Bergo og Knut Trefall frå Eksingedalen, og Vaksdal sin mest taleføre og kongekyndige, Jørn Øyrehagen Sunde, skal losa Kongen gjennom ei rekkje kulturelle og historiske smakebitar frå kommunen vår.
Gjengen smilte bredt etter å ha fullført dei to første øvingane på idrettsmerkeprøven tidlegare i sommar. Halvannan time seinare hadde samtlege gjennomført alle øvingane, og klart merkekrava.
Magnar held, dersom du ser godt etter, miniatyrstatuetten som bevis på å ha klart krava til idrettsmerket i 25 år.
Øvre Eksingedalen grunneigarlag har sytt for fornying av rasteplassane i øvre Eksingedalen. Det var grunneigarlaget som først fekk på plass fire fine rasteplassar med bord og benkar for over ti år sidan. No trengte desse møblane fornying, og i mai køyrde Inger og Trygve Nilsen rundt og leverte monteringsklare bord.
Dette er triveleg for både fastbuande og turistar i Eksingedalen.
Dei første padlarane er observerte for sesongen, og det var ekstra kjekt å møta ein ung padlar frå eigen kommune.
Ruben J. Davidsen frå Dale hadde med seg ein tysk ven på padling i Eksingedalen laurdag i pinsehelga.
I Eksingedalen vert det delt ut ein heiderspris, kvart år på 17.-mai. Det er "Årets Eksingdøl".
Dette året gjekk prisen til Anna Sveinungsdotter Bergo.
Som vanleg starta 17.-maitoget klokka 12, frå oppveksttunet i Eksingedalen. Og aller fremst i toget gjekk oppvekstunet med 9.klassingen Elias Bergo som flaggberar. Og dei som gjekk fremst, hadde øvd. Så her gjekk alle fint på rekkjer og ropte "Hurrs, hurra, hurra!"
For tre veker sidan opplevde Hege og familien noko av det verste som kan skje ein familie. Dei mista alt dei eigde i brann, både heimen og arbeidsplassen sin då butikken på Lavik vart råka av brann. Det byrja i sikringsskåpet, og heldigvis var mannen Kawe snartenkt og fekk redda ungane og seg sjølv ut av husværet dei budde i.