Både Kongen og Anna, Jørn og Knut er klare
Eksingedalen stiller sterkt når Kong Harald kjem på offisielt besøk onsdag 27.mai. Anna Sveinungsdatter Bergo og Knut Trefall frå Eksingedalen, og Vaksdal sin mest taleføre og kongekyndige, Jørn Øyrehagen Sunde, skal losa Kongen gjennom ei rekkje kulturelle og historiske smakebitar frå kommunen vår.
Fredagskaffi og ope loppemarknad
Mange tok turen til Ljosheim for å gå på kafe og kikka litt på loppene som var att. Handel vart det, og god prat rundt kaffibordet.
Folksom påske i Eksingedalen
Påskeferien er truleg tida med høgast folketal i Eksingedalen. I hus og hytter som elles står tomme, er det lys og folksomt, og kvar dag er det stor trafikk langs vegen. Tradisjonen er lang, i mange tiår har folk teke seg ut og opp til fjells på påskeferie. Eksingedalen har sidan femti-talet vore populær påskeutfartsstad.
Påska 2023 går inn i hisoria som ei påske med mykje sol. Meir sol enn vèrmeldarane spådde, og det er det ingen som klagar på.
Påska 2023 går inn i hisoria som ei påske med mykje sol. Meir sol enn vèrmeldarane spådde, og det er det ingen som klagar på.
Slå ring om butikkfolka våre!
Onssdag kveld var dramatisk for den vesle familien på butikken på Lavik. Heldigvis kom ingen personar til skade.
Brannen som herja rører ved alle i Eksingedalen. Butikken er hjarta i Eksingedalen, og Hege og Kawe har i fleire år gjort enormt mykje for å få butikken til å bli det den har vore.
I går mista familien alt dei eigde, og dei mista i tillegg arbeidsplassen sin.
Bygda er utan butikk, ein nærbutikk av det aller beste slaget!

Vinterleg mars-skirenn
Ein fin, men kjølig dag. Mange med startnummer på. Medalje å hente ved fullført renn. Blide fjes. Snøvær og litt vind då dei vaksne starta. Rømmen fraus i begeret for dei som stod i kiosken. Skøyting gav bedre glid enn klassisk. Skigruppa takkar for innsatsen.
Resultatlista finn du ved å klikke på "sjå meir"
Resultatlista finn du ved å klikke på "sjå meir"
Sol ute - straum inne!
Siste vekene har butikken på Lavik fått heilt nytt tak. Tak med solceller. Gradestokken viste langt under 10 minus denne fine marsdagen, då solcellene vart kopla til. Sola skein – og inne i butikken var butikkstyrar Hege Lavik i full driv med å pakka ut varer, saman med sin gode hjelpar og medarbeidar Bjarte Gullbrå.
Skirenn!
Endeleg var det klart for årets fyrste skirenn i Eksingedalen for sesongen. Litt våt nedbør og løype la ingen dempar på skiglede og konkurranseinstinkt.
Samisk nasjonaldag i Eksingedalen
Eksingedalen oppveksttun markerte den samiske nasjonaldagen ute på skuleplassen i dag, med kunstverk, lassokasting og kakao rundt bålpanna.
Alle saman, små og store, var med på markeringa.
Alle saman, små og store, var med på markeringa.
Stort oppmøte på "Kom deg ut-dagen"
Det er tradisjon at Vaksdal Turlag og Eksingedalen IL samarbeider om "Kom deg ut-dagen" i Eksingedalen. På Nesheim var det svært godt oppmøte denne søndagen, over 50 kom seg ut i skiløypa.
For dei som lagar til, er det veldig kjekt med så godt oppmøte!
For dei som lagar til, er det veldig kjekt med så godt oppmøte!
Aktivt lag med friske planar
Eksingedalen IL heldt årsmøte laurdag. Det heile starta med pølser, saft og premieutdling i gymsalen. Deretter var det årsmøte. Heile styret og alle gruppene tok attval, og styret la fram friske planar for både "Bytebu" og Tuftepark". Årsmøtet gav klarsignal til vidare arbeid.
Saueskinn vert til fine bruksplagg
- No går vi inn ei ei boble, og der blir vi i helga, sa kurslærar Beate Solvik fredag ettermiddag.
Åtte forventningsfulle damer var møtt fram, og i klasseromma på oppveksttunet var det skinn, trykkblokker, fargar, allslags utstyr og mange ferdigsydde modellar.
Her var det berre å setja i gang!
Åtte forventningsfulle damer var møtt fram, og i klasseromma på oppveksttunet var det skinn, trykkblokker, fargar, allslags utstyr og mange ferdigsydde modellar.
Her var det berre å setja i gang!