50 år
Eksingedalen feira skulen sin, og barnehagen sin, torsdag førre veke. Betasuppe, saft, kaffi og kaker stod på menyen for både tilreisande og bygdefolk denne ettermiddagen. For det var fleire som hadde brukt ein del timar i bil for å vera med på festen.
Ved inngangsdørene vart ein møtt med bilete av dei 5 skulane som var i dalen på eit tidspunkt. Berre den som stod på Bergo, og heitte Fagerbø skule, er riven. Dette for å gi plass til nyeskulen, som vart opna i 1972. Borna vart no samla på ein skule, mot to i åra før samanslåing.