25 år i Vaksdal kommune!

Av Liv Anne tir 10.03.2026 - 12:06
Dei to eksingedølane Mari Odland Trefall og Elisabeth Holth fekk sist veke gullklokke og blomar, som heider for å ha arbeidd 25 år i Vaksdal kommune.
Dette vart delt ut under jubileumsmiddag for fleire 25-årsjubilantar i kommunen sist veke.

Nytt Bygdekvinnelag!

Av Liv Anne ons 25.02.2026 - 16:00
24.februar vart det skipa eit heilt nytt lag i Eksingedalen. Initiativet til nytt lag kom til etter nedlegging av Kvinne- og familielaget i januar. No har damene valt å organisera seg som bygdekvinner, som del av Norges Bygdekvinnelag. Bygdekvinnelaget er ein landsdekkande organisasjon med 12 000 medlemmar, fordelte på 400 lokallag.

- Dette har me aldri vore med på før, så dette er historisk! Sa dei blide damene som kom frå Voss og Hardanger. Liv Kolskår frå Voss er styreleiar i Hordaland Bygdekvinnelag, og kom for å fortelja om lagsarbeid og orgsnisasjonen. Ho hadde med seg Liv Spilde frå Bjørgum og Siv Helle Prestegad frå Hardanger. Dei inspirerte og engasjerte eksingedalsdamene som møtte fram.

ROS-tallerken til Kari og Einar i Yksendalen

Av Liv Anne ons 25.02.2026 - 15:39

På eigarmøte i Nortura sist veke fekk Kari Brørvik og Einar Hovda Nilsen utdelt ROS-tallerken, ei påskjønning for gode ROS-resultat. ROS er ein måte å måla kvalitet på, og Kari og Einar fekk «Kvalitetslam-pris for 2025»
ROS-analysen er delt inn i kvalitetssirklar, der 25 % av sauebøndene kjem i den innerste sirkelen. Der er Kari og Einar dette året, mellom dei 100 beste i landet.
Uni

Årsmøte i grendahuset Ljosheim

Av Magnar lør 12.02.2022 - 15:10
Grendahuset Ljosheim held årsmøte mandag 24. februar kl. 19.30
I tillegg til vanlege årsmøtesaker vert det informert om framdrift i husvøla. Det vert også planlegging av jubileum. Klikk på "Les meir" for å få fram fullstendig sakliste. Heilt nederst på sida kan du klikke på Grendahuset Ljosheim og få opp både saklista og årsmelding for 2021.

Kom deg ut - dag 2022

Av Liv Anne søn 06.02.2022 - 21:01
Søndag var det nasjonal utedag med arrangement over heile landet. Vaksdal Turlag inviterte til "Kom deg ut - dag" i Eksingedalen, saman med Eksingedalen IL.
Snøen har lava ned dei siste dagane, og med vind og føyke var det nok mange som hadde motivert litt ekstra for å gå ut i dag.

Ein motivasjon var premieutdelinga til Fjelltrimmen, med utdeling av krus og premiar.

Markering av samisk nasjonaldag

Av Liv Anne lør 05.02.2022 - 12:06
6.februar er det samane sin nasjonaldag, til minne om det første samiske landsmøtet som fann stad 6.februar i 1917. 

Ved Eksingedalen oppveksttun har det vore samisk tema den siste veka, og det var avslutta med kantine, flaggheising og lassokasting. 
Flagget er heilt nytt, og det er aller første gong eit samisk flagg vert heist ved oppveksttunet i Eksingedalen.

Nye bokplanar i Eksingedalen

Av Liv Anne ons 02.02.2022 - 18:04
Dette året fyller Grendahuset Ljosheim 125 år. Huset er av dei aller eldste ungdomshusa i landet. Samstundes som huset får grundig opprusting både innvendig og utvendig, ynskjer ein no å laga ei historisk bok om huset, dalen og korleis alt vart til.
Kva var det som gjorde at eksingedølane greidde å få til at dette i 1897? Og kva var det som gjorde at dei allereie i 1881 skipa «Flatekvål Bokforeining», same året som dei også arbeidde med kyrkja på Flatekval?
Dette vil ein no prøva finna ut av, gjennom å dukka ned i historia og prøva forstå samanhengane mellom straumar i tida, trongen til bokleg kunnskap og opplysning hjå folket i bygda – og kva det var som inspirerte og påverka dei.

Og: Om nokon har dokumentasjon eller veit noko om dette, ja då ynskjer boknemnda kontakt!

Eksingedalen treng ein lærar!

Av Liv Anne ons 12.01.2022 - 08:06
Ved Eksingedalen oppveksttun er det ledig vikariat som kontaktlærar for ungdomsskulen og undervining i hovudsak frå 5.-10.klasse.

Vikariatet er i 100 % frå 28.mars 2022 til påske 2023. Du kan søkja om du berre ynskjer å arbeide ved skulen vårhalvåret 2022, eller berre frå skulestart hausten 2022.

Vinter og ski!

Av Liv Anne tir 11.01.2022 - 12:13

Det gjeld å nytta snøen medan den er her! Fleire stader i Eksingedalen har det vore løyper og stor aktivitet siste dagane. Og oppveksttunet i Eksingedalen nytta mandagen til skiaktivitet for alle saman!