Kven skal bli årets Eksingedøl?
Kven syns DU at skal får heidersteiknet "Årets Eksingedøl" dette året?
Prisen vert delt ut av Bygderådet 17.mai, og det er folket som bestemmer kven som er kandidatar!
Gjennom denne prisutdelinga ynskjer ein å setja pris på positivt engasjement for bygda.

Informasjon frå Bygderådet
Årsmøtet i Bygderådet valde nye medlemmar til styret. Dei som er med i styret er:
Einar Hovda Nilsen, Håkon Øvstedal, Britt Eide og Liv Anne Bergo. Liv Anne er det kommande året leiar av Bygderådet.
Styret ynskjer å gje kort informasjon om kva ein jobbar med, undervegs i året, her på Eksingedalen si eiga heimeside. Styret vert også glad for alle som engasjerer seg og har innspel til oppgåver.

Kom deg ut, ta turen til Nesheim søndag!
Snøen lavar ned og alt ligg til rette for kjekk "Kom deg ut-dag" i og ved skiløypa på Nesheim i Eksingedalen søndag!
Kl 13 vert det òg premieutdeling for Fjelltrimmen 2021, både krus og premie til klassevinnarane.

"Skinn-vill" helg i Eksingedalen
Fredag ettermiddag møttest 8 damer og ein dyktig handverkar i Eksingedalen. Og dei klypte, trykte, sydde, tenkte, spurte og fekk resultat! Kurset var på 20 timar, og 48 timar etter første møte var moroa over. For denne gong.
Eksingedalen oppveksttun treng reinhaldar!
Vaksdal kommune søkjer etter vikar for reinhaldar ved Eksingedalen oppveksttun, i perioden 14.03.2022 – 16.12.2022, med mogelegheit for forlenging.
Stillinga er på 33 % fordelt på tre dagar pr veke.

Eksingedalen treng ein lærar!
Ved Eksingedalen oppveksttun er det ledig vikariat som kontaktlærar for ungdomsskulen og undervining i hovudsak frå 5.-10.klasse.
Vikariatet er i 100 % frå 28.mars 2022 til påske 2023. Du kan søkja om du berre ynskjer å arbeide ved skulen vårhalvåret 2022, eller berre frå skulestart hausten 2022.

Vinter og ski!
Det gjeld å nytta snøen medan den er her! Fleire stader i Eksingedalen har det vore løyper og stor aktivitet siste dagane. Og oppveksttunet i Eksingedalen nytta mandagen til skiaktivitet for alle saman!
Idrettslaget sine innetreningar utsett til tidlegast 18.januar
Styrketrening på tysdagar startar tidlegast opp tysdag 18.januar, på grunn av retningslinjer i høve smittevern.
Det oppsette Yoga-kurset vert også utsett, med oppstart 19.januar.

Gåver til jul - i "Fru Ingeborg si ånd"
"Å tenkja på andre og å gjera noko for andre". Det har vore desembertema på Oppveksttunet i Eksingedalen.
I dag er siste skuledagen før jul, gåver er pakka og matkasser handla. Alt skal leverast Frivilligsentralen i Vaksdal kommune.

Innhaldsrike butikkhyller, mat og julegåver!
Butikken på Lavik er full av varer i desember! Ikkje berre mat, men også mange andre mogelege julegåver.
- Og gje gjerne eit gåvekort til folk som bur langt vekke. For då får du besøk også, smiler butikkstyrar Hege.

Vintervedlikehald på fylkesvegane våre
Glatt veg eller ikkje glatt veg. Det har vore eit heitt tema i det siste. Eksingedalen Bygdaråd har prøvd å kartleggje kva reglar som gjeld. Det er også gitt innspel til Vaksdal kommune for å få til ei bedring på vintervedlikehaldet hjå oss. Og då er det snakk om når det skal strøast. Brøytinga blir utført godt.
Fylkesvegane våre har fått nye nummer. Modalstunnelen-Nesheim-Nesheimsfjellet-Evanger har nummer 5410. Nesheim-Gullbrå har nummer 5398.
Det vart stilt spørsmål til vedlikehaldsansvarleg i Statens Vegvesen om kvifor vegen er plassert i vintervedlikehalds-klasse E, og kva dette inneber.

Folkemøte 27. november
Ein liten smak av vinter rundt vassdraget no seint i november.
No laurdag 27. november kl. 12 vert det ope folkemøte på Eksingedalen Oppveksttun, på skulen altså. Her vil ein gå gjennom hovedpunkta i ynskje og krav som er aktuelle no når konsesjonsvilkåra for Eksingedalsvassdraget skal fornyast.
Det vil sjølvsagt bli høve til å stilla spørsmål og koma med framlegg og ynskje som ein kan debattera på møtet. Synspunkt som kan auka kvaliteten på uttalen til vilkårsrevisjonen, er det framleis god opning for.