Nytt Bygdekvinnelag!
24.februar vart det skipa eit heilt nytt lag i Eksingedalen. Initiativet til nytt lag kom til etter nedlegging av Kvinne- og familielaget i januar. No har damene valt å organisera seg som bygdekvinner, som del av Norges Bygdekvinnelag. Bygdekvinnelaget er ein landsdekkande organisasjon med 12 000 medlemmar, fordelte på 400 lokallag.
- Dette har me aldri vore med på før, så dette er historisk! Sa dei blide damene som kom frå Voss og Hardanger. Liv Kolskår frå Voss er styreleiar i Hordaland Bygdekvinnelag, og kom for å fortelja om lagsarbeid og orgsnisasjonen. Ho hadde med seg Liv Spilde frå Bjørgum og Siv Helle Prestegad frå Hardanger. Dei inspirerte og engasjerte eksingedalsdamene som møtte fram.

ROS-tallerken til Kari og Einar i Yksendalen
På eigarmøte i Nortura sist veke fekk Kari Brørvik og Einar Hovda Nilsen utdelt ROS-tallerken, ei påskjønning for gode ROS-resultat. ROS er ein måte å måla kvalitet på, og Kari og Einar fekk «Kvalitetslam-pris for 2025»
ROS-analysen er delt inn i kvalitetssirklar, der 25 % av sauebøndene kjem i den innerste sirkelen. Der er Kari og Einar dette året, mellom dei 100 beste i landet.
Handla lokalt!
Med så flott butikk som det er i Eksingedalen er det lett å handla lokalt! Godt utval av varer, stor sørvis og lang opningstid inviterer til handel på nærbutikken.
Laurdag denne veka inviterer Eksingedalen Snarkjøp til "Handle lokalt-dag".

Vi kan få eit betre vassdrag - og BKK må ta ansvar sjølv
- Endeleg er vi kvitt alle koronarestriksjonane, og det betyr at Eksingedalen Bygdaråd no kan gå laus på siste innspurt i saka om fornying av konsesjonsvilkåra for Eksingedalsvassdraget, seier leiaren i Bygdarådet, Magnar Nese.
Alvorleg tema - engasjert forfattar
"Vi, dei fattige"
Maria Lavik snakka om, og las frå boka si i Ljosheim. Samtalen mellom forfattaren og Liv Anne Bergo frå scena i ungdomshuset vart lytta til med andakt. For her var det mykje å tenkje på.
For Maria, som er særs opptatt av sosiale ulikskapar og utanforskap, var barnefattigdom likevel eit vanskeleg tema å skriva bok om. Men som forfattardebutanten sa; - å starte med eit så vaskeleg tema, då har eg gjort unna det verste som forfattar.
Boka vart lansert før Stortingsvalet, og Maria sitt mål er at så mange politikarar som råd skal lese boka hennar. - Fattigdom er farleg, sa Maria.

Bokbad med Maria Lavik
Tysdag 28.september kl 20:00 fortel Maria om boka si.
Kvinne- og familielaget ynskjer alle velkomne!

Fleire bilettar til Bondetinget i Ljosheim!
Frå klokka 16 laurdag 25.september opnar Noreg!
Difor er det no lagt ut fleire bilettar til Bondetinget både laurdag og søndag!

Fire mann, fire spett og stein på over 700 kilo
No er dei endeleg i gang, Sherpa-laget som skal vøla stien til Yksendalsstølen.
Hadde det ikkje vore for koronapandemien, hadde arbeidet kome i gang på forsommaren i fjor. Men då var det altså innreiseforbod til Noreg. Først i august i år vart det opna opp for dei, med visum, arbeidsløyve, vaksine og karantene. Til saman var det 39 stibyggjarar som kom til Noreg no i august, og fire av desse er no i full gang i Yksendalen.

Teaterhelg og tysdagskveld med bokbad
Kommande helg spelar Teater Vestland "Bondetinget" i grendahuset Ljosheim. Det vert forestilling laurdag kl. 20:00 og søndag kl. 13:00.
Tysdag kjem Maria Lavik og fortel om boka si "Vi, dei fattige"

Årets eksingedøl 2021: Britt Eide
Britt Eide flytta attende til Eksingedalen og har brukt hundrevis av timar til glede for Eksingedalen.
I dag fekk ho heidersprisen "årets eksingedøl 2021".
Prisen vart utdelt under tilstellinga Gygrakjeften opp.

Kjekt løp med stort støtteapparat Gygrakjeften opp
4 stilte til start og 4 vart klassevinnarar.
Først oppe av alle var Signe Roti med start nummer 50 i trimklassen.

Skarpladde damer i Eksingedalen
1.september var den første dagen i hjortejakta. Frå midnatt den dagen var ingen av hjortarne i Eksingedalen trygge. For på kvar gard hadde jegrane rigga seg til, klare til eit av hausten sine store høgdepunkt.
Fleire hjortar fall 1.september. Det som var spesielt, var at begge dei to kvinnelege jegrane i Eksingedalen skaut kvart sitt dyr den første jaktdagen.