Kven skal bli årets Eksingedøl?
Kven syns DU at skal får heidersteiknet "Årets Eksingedøl" dette året?
Prisen vert delt ut av Bygderådet 17.mai, og det er folket som bestemmer kven som er kandidatar!
Gjennom denne prisutdelinga ynskjer ein å setja pris på positivt engasjement for bygda.

Informasjon frå Bygderådet
Årsmøtet i Bygderådet valde nye medlemmar til styret. Dei som er med i styret er:
Einar Hovda Nilsen, Håkon Øvstedal, Britt Eide og Liv Anne Bergo. Liv Anne er det kommande året leiar av Bygderådet.
Styret ynskjer å gje kort informasjon om kva ein jobbar med, undervegs i året, her på Eksingedalen si eiga heimeside. Styret vert også glad for alle som engasjerer seg og har innspel til oppgåver.

Teaterhelg og tysdagskveld med bokbad
Kommande helg spelar Teater Vestland "Bondetinget" i grendahuset Ljosheim. Det vert forestilling laurdag kl. 20:00 og søndag kl. 13:00.
Tysdag kjem Maria Lavik og fortel om boka si "Vi, dei fattige"

Årets eksingedøl 2021: Britt Eide
Britt Eide flytta attende til Eksingedalen og har brukt hundrevis av timar til glede for Eksingedalen.
I dag fekk ho heidersprisen "årets eksingedøl 2021".
Prisen vart utdelt under tilstellinga Gygrakjeften opp.

Kjekt løp med stort støtteapparat Gygrakjeften opp
4 stilte til start og 4 vart klassevinnarar.
Først oppe av alle var Signe Roti med start nummer 50 i trimklassen.

Skarpladde damer i Eksingedalen
1.september var den første dagen i hjortejakta. Frå midnatt den dagen var ingen av hjortarne i Eksingedalen trygge. For på kvar gard hadde jegrane rigga seg til, klare til eit av hausten sine store høgdepunkt.
Fleire hjortar fall 1.september. Det som var spesielt, var at begge dei to kvinnelege jegrane i Eksingedalen skaut kvart sitt dyr den første jaktdagen.

Råsterke Jorill sette nye norske rekordar!
Jorill Nese frå Eksingedalen deltok i laurdag 4.september i NM i styrkeløft, utstyrsfritt, for ungdom, junior og veteran. Der løfta ho som aldri før og fekk medaljar både innafor si vektklasse og uavhengig av vektklasse for junior. Noregsrekordar sette ho òg.
Bondetinget, med to framsyningar i Ljosheim
Teater Vestland spelar teater på scena i Ljosheim, og inviterer til to oppsettingar av Bondetinget.
Den første framsyning i Ljosheim vart fort utseld, difor har teateret no sett opp ei ekstraførestilling.
Dagane er laurdag 25. og søndag 26.september.

Ein stor gjeng på onsdagstur!
Onsdagsturane om hausten er populære - og denne onsdagen vart det rekord!
18 gjekk i samla flokk opp Reinsgrøvene til Krossaleitet, vidare mot Nesheimstølen og Ogelsmoget.

Ettermiddagskaffi på Flatekvål
Laurdag 11.sept kl 15 kan du få kaffi og spennande forteljinga frå gamle dagar i sakrisitiet på Flatekval
Førehandsrøysting i Eksingedalen
Logoen til nokre av partia som stiller til val i Hordaland valkrins.
Torsdag 2. august er det mogleg å førehandsrøyste til Stortingsvalet i Eksingedalen. Frå kl. 13.00 til 17.30 er tilsette i Vaksdal kommune til stades på Eksingedalen oppveksttun.
Elevane på oppveksttunet lagar til kafè i same tidsrom. Det vert servert middag og kaffi.

Endeleg! Ein sosial fredag for dei unge att!
Fredag inviterte husastyret for Grendahuset Ljosheim dei unge til pizza i Ljosheim. Det sette dei unge pris på!