Uni

Bygda vår treng deg!

Av Liv Anne tor 03.07.2025 - 21:49
Bygdarådet i Eksingedalen er offensive. I desse dagar vert det sendt ut brev til utflytta eksingedølar - og til alle som eig eit småbruk eller tidlegare bustadhus og som ikkje er folkeregistrerte her.
Målet er klart: Få fleire fastbuande til Eksingedalen. "Bygda vår treng deg", er tittelen i brevet.

- Dette er stort og viktig for Eksingedalen, seier Lars Patterson som er leiar i Bygdarådet.

Oppveksttunet har hatt ryddeaksjon!

Av Liv Anne ons 21.05.2025 - 13:33
Eksingedalen oppveksttun har rydda søppel. Mandag 19.mai var ryddedag for heile oppveksttunet. Barnehagen plukka søppel rundt barnehagen og skulen, medan resten av elevane rydda langs fjellvegen, på Fylkesveg 5410.

Ei gruppe starta på Utsikten (mot Teigdalen). Heile vegstrekninga frå Mjelkegjelet og Ormaset til Nesheim vart rydda for brøytestikker og anna boss.

I lekse denne veka ryddar elevane heime – og oppveksttunet oppmodar alle i Eksingedalen om å rydda sin del av dalen vår.

Årets butikk! I Eksingedalen!

Av Liv Anne tir 13.05.2025 - 21:48
Måndag denne veka fekk butikkeigar Hege Marie Lavik den gjeve utmerkinga: Butikken på Lavik i Eksingedalen vart Årets Merkur-butikk i region Hordaland 2025.

Prisen vart delt ut av Merkur-programmet på Merkur-programmet sin regionale konferanse måndag kveld. Prisen går til butikkar som er gode døme for andre og viser korleis lokalbutikken kan vera ein viktig møteplass og motor i bygda.