Både Kongen og Anna, Jørn og Knut er klare
Eksingedalen stiller sterkt når Kong Harald kjem på offisielt besøk onsdag 27.mai. Anna Sveinungsdatter Bergo og Knut Trefall frå Eksingedalen, og Vaksdal sin mest taleføre og kongekyndige, Jørn Øyrehagen Sunde, skal losa Kongen gjennom ei rekkje kulturelle og historiske smakebitar frå kommunen vår.
Ein stor gjeng på onsdagstur!
Onsdagsturane om hausten er populære - og denne onsdagen vart det rekord!
18 gjekk i samla flokk opp Reinsgrøvene til Krossaleitet, vidare mot Nesheimstølen og Ogelsmoget.
18 gjekk i samla flokk opp Reinsgrøvene til Krossaleitet, vidare mot Nesheimstølen og Ogelsmoget.
Ettermiddagskaffi på Flatekvål
Laurdag 11.sept kl 15 kan du få kaffi og spennande forteljinga frå gamle dagar i sakrisitiet på Flatekval
Førehandsrøysting i Eksingedalen
Logoen til nokre av partia som stiller til val i Hordaland valkrins.
Torsdag 2. august er det mogleg å førehandsrøyste til Stortingsvalet i Eksingedalen. Frå kl. 13.00 til 17.30 er tilsette i Vaksdal kommune til stades på Eksingedalen oppveksttun.
Elevane på oppveksttunet lagar til kafè i same tidsrom. Det vert servert middag og kaffi.

Endeleg! Ein sosial fredag for dei unge att!
Fredag inviterte husastyret for Grendahuset Ljosheim dei unge til pizza i Ljosheim. Det sette dei unge pris på!
Høgt og fritt på Høgafjellet
Eksingedalen IL inviterte søndag til fjelltur i Eksingedalen. Og for dei som var med var med var det berre gode ord å høyra. Nytt landskap for alle, ingen hadde vore heilt til topps her tidlegare.
Oppveksttunet
Eksingedalen Oppveksttun vart åpna av ordførar Hege Eide Vik, assistert av 1. klassingen Kasper og rektor Liv Anne. Samstundes vart ein kraftig oppgradert leikeplass offisielt teken i bruk. Det skjedde på leikeplassen sitt "skrekkinngydande" apparat, som treng eit norsk namn.
Ein nyopna barnehage har vore i bruk to veker alt, etter ein 10 år lang pause. Det vart retta stor takk til både folkevalde og administrasjon i Vaksdal kommune for smidig og raskt arbeid for å få alt på plass til opningsdagen.

Engasjerte Maria frå Lavik gjev ut bok
I morgon, fredag 13.august er det boklansering på kaféen Månefisken ved Akerselva i Oslo. Og den som har skrive bok er eksingedalsjenta Maria Lavik. Ho har nett henta ut 50 rykande ferske eksemplar – og fortel at «det kjennest deilig!»
Boka er gjeve ut på Samlaget, og ho har arbeidd med denne i to år.
I boka si "Vi, dei fattige" framfører ho åtte sterke forteljingar om barnefattigdom
Boka er gjeve ut på Samlaget, og ho har arbeidd med denne i to år.
I boka si "Vi, dei fattige" framfører ho åtte sterke forteljingar om barnefattigdom
Barnehagen i Eksingedalen er open att!
I fin solskin og med flagget til topps byrja dei to første borna i barnehagene i Eksingedalen. Barnehagen er open att, etter å ha vore stengt i 9 år.
Om ei veke, den 16.august vert det offisiell opning av Eksingedalen oppveksttun. Då kan alle borna mellom 1 og 16 år i Eksingedalen gå under same tak.
Om ei veke, den 16.august vert det offisiell opning av Eksingedalen oppveksttun. Då kan alle borna mellom 1 og 16 år i Eksingedalen gå under same tak.
Eit stødig minne
For eit år sidan døydde Kåre Magnar Trefall på veg til Trefallstølen. No står ein nybygd varde ved stien, til minne.