Kven skal bli årets Eksingedøl?
Kven syns DU at skal får heidersteiknet "Årets Eksingedøl" dette året?
Prisen vert delt ut av Bygderådet 17.mai, og det er folket som bestemmer kven som er kandidatar!
Gjennom denne prisutdelinga ynskjer ein å setja pris på positivt engasjement for bygda.
Prisen vert delt ut av Bygderådet 17.mai, og det er folket som bestemmer kven som er kandidatar!
Gjennom denne prisutdelinga ynskjer ein å setja pris på positivt engasjement for bygda.
Informasjon frå Bygderådet
Årsmøtet i Bygderådet valde nye medlemmar til styret. Dei som er med i styret er:
Einar Hovda Nilsen, Håkon Øvstedal, Britt Eide og Liv Anne Bergo. Liv Anne er det kommande året leiar av Bygderådet.
Styret ynskjer å gje kort informasjon om kva ein jobbar med, undervegs i året, her på Eksingedalen si eiga heimeside. Styret vert også glad for alle som engasjerer seg og har innspel til oppgåver.

Smilande 10.klassingar i Eksingedalen
Smilande 10.klasse i Eksingedalen vart feira på sommarfesten på skulen torsdag. Tradisjonen tru var det talar, blomar og heider for avgangselevane.
Regnbogeflagg i Eksingedalen
For aller første gong vart regnbogeflagget heist ved skulen i Eksingedalen i dag, måndag 14.juni -21. Eit nytt flaggreglement er vedteke i kommunen, og det vedteke at dette flagget skal heisast den andre måndagen i juni kvart år på alle skulane i Vaksdal. Det er tredje gongen flagget vert heist utanfor heradshuset på Dale.
Ved Eksingedalen skule var det 10.klassingane Sigve Øvstedal og Johannes Bergo som heiste flagget.
Onsdagstur med mykje godt attåt!
Onsdagstur til Flatekvalstølen, den fjerde stølsturen i vår. Fellesturane om våren startar der våren kjem først, alltid Eikefetstølen og Vetlejordstølen først - og sist veke var det tur til Nesstølen.
Endeleg vert det HLR-kurs i Ljosheim
Etter mange utsettingar av førstehjelpskurs, kan endeleg kurset gjennomførast. Kurset vert halde tysdag 15.juni, og det er eit par ledige plassar.
Feit mjølk er god mjølk!
Denne veka fekk bøndene Haldis og Gaute Øvstedal diplom for topp kvalitet på mjølka. Det er Felleskjøpet som deler ut denne prisen, der totalt 150 mjølkebønder vert heidra for ekstra god kvalitet. Det er over 8 000 mjølkebønder i Noreg, og to av dei 150 som leverer mjølk av beste kvalitet, høyrer heime i Vaksdal kommune.
Konfirmasjon i Eksingedalen
Årets kyrkjelege konfirmasjon i Eksingedalen var i Nesheim kyrkje. Ein fin og varm dag, konfirmantar og prest på kyrkjegardsmuren og vakker natur som ramme. Alvor og smil i samspel.
Ryddinga heldt fram!
Rydd langs veg og vassdrag denne veka - og lever i eigne sekkar ved hyttecontainarane innan mandag.