Både Kongen og Anna, Jørn og Knut er klare
Eksingedalen stiller sterkt når Kong Harald kjem på offisielt besøk onsdag 27.mai. Anna Sveinungsdatter Bergo og Knut Trefall frå Eksingedalen, og Vaksdal sin mest taleføre og kongekyndige, Jørn Øyrehagen Sunde, skal losa Kongen gjennom ei rekkje kulturelle og historiske smakebitar frå kommunen vår.
Feit mjølk er god mjølk!
Denne veka fekk bøndene Haldis og Gaute Øvstedal diplom for topp kvalitet på mjølka. Det er Felleskjøpet som deler ut denne prisen, der totalt 150 mjølkebønder vert heidra for ekstra god kvalitet. Det er over 8 000 mjølkebønder i Noreg, og to av dei 150 som leverer mjølk av beste kvalitet, høyrer heime i Vaksdal kommune.
Konfirmasjon i Eksingedalen
Årets kyrkjelege konfirmasjon i Eksingedalen var i Nesheim kyrkje. Ein fin og varm dag, konfirmantar og prest på kyrkjegardsmuren og vakker natur som ramme. Alvor og smil i samspel.
Ryddinga heldt fram!
Rydd langs veg og vassdrag denne veka - og lever i eigne sekkar ved hyttecontainarane innan mandag.
Bli med på ryddedugnad i Eksingedalen!
Denne veka er alle i Eksingedalen inviterte til ryddedugnad!
Dette er BIR sin dugnad "rydd en strand" som hjå her i Eksingedalen er "rydd langs veg og vassdrag".
Dette er BIR sin dugnad "rydd en strand" som hjå her i Eksingedalen er "rydd langs veg og vassdrag".
Ny bokkasse på Mjelkeplassen
Ein god trimtur er turen opp lia til Mjelkeplassen på Bergo. Dette er tredje året med trimbok på Mjelkeplassen. Idrettslaget planlegg motbakkeløpet "Gygrakjeften Opp" i september, og idrettslaget har no sett opp ny bokkasse for sesongen.
Det er eiga premiering på denne trimturen: Premie til den med flest turar - og premie til ein person med meir enn fem turar.
Det er eiga premiering på denne trimturen: Premie til den med flest turar - og premie til ein person med meir enn fem turar.
Hipp hurra, Norge gjer meg glad.
Planlagt på kort tid, gjennomført med glans. Det kan me seia om årets 17. mai-feiring i Eksingedalen. Lavik utgjorde ramma rundt festen, butikken var samlingspunkt, og folk kosa seg.
Ei oppkome av nyskaping og nyhende
Målt i høve til folketal må Eksingedalen vera best i landet på nyskaping og kjelde til nyhende.
Av Thomas Førde
Som frilans journalist besøkte eg dalen i januar. Sjølv om dagen var kort, i alle høve den tida med dagslys, temperaturen var iskald og vegane, smale, glatte og svingete, så blei det ein særs interessant, gild og utbyterik tur.
Utgangspunktet for reisa var å vitja Eksingedalen skule og sjå nærare på deira sjeldne og gode evne til å klekka ut unge forskarspirer som gong på gong vinn medaljar i den landsomfattande Nysjerrigper-konkurransen.

17.mai i Eksingedalen
- Du, skal me laga til 17.mai i år?
- Ja! Det gjer me!
Slik kom det til: Hege og Anna inviterer til alternativ 17.maifeiring ved butikken på Lavik, med smittevernreglane godt teke i vare.
Feiringa startar med tog frå butikken kl 12 til Rutatunet og tilbake. På butikken er det kort veg til isdisken, høve til å kjøpa is, brus, og det ein elles har lyst på.
Kawe og Bjarte ynskjer velkommen til "Kawe og Bjartes kafè!"

Bygdarådet har mange saker i lufta!
Tysdag 20. april vart årsmøtet i Bygdarådet gjennomført. Bortimot 20 deltakarar var godt fordelte utover på faste plassar i heile Ljosheim. Sist vår var det ikkje mogeleg å gjennomføra årsmøtet, så arbeidsstyret gjekk gjennom to årsmeldingar - og alle var på val.