25 år i Vaksdal kommune!

Av Liv Anne tir 10.03.2026 - 12:06
Dei to eksingedølane Mari Odland Trefall og Elisabeth Holth fekk sist veke gullklokke og blomar, som heider for å ha arbeidd 25 år i Vaksdal kommune.
Dette vart delt ut under jubileumsmiddag for fleire 25-årsjubilantar i kommunen sist veke.

Nytt Bygdekvinnelag!

Av Liv Anne ons 25.02.2026 - 16:00
24.februar vart det skipa eit heilt nytt lag i Eksingedalen. Initiativet til nytt lag kom til etter nedlegging av Kvinne- og familielaget i januar. No har damene valt å organisera seg som bygdekvinner, som del av Norges Bygdekvinnelag. Bygdekvinnelaget er ein landsdekkande organisasjon med 12 000 medlemmar, fordelte på 400 lokallag.

- Dette har me aldri vore med på før, så dette er historisk! Sa dei blide damene som kom frå Voss og Hardanger. Liv Kolskår frå Voss er styreleiar i Hordaland Bygdekvinnelag, og kom for å fortelja om lagsarbeid og orgsnisasjonen. Ho hadde med seg Liv Spilde frå Bjørgum og Siv Helle Prestegad frå Hardanger. Dei inspirerte og engasjerte eksingedalsdamene som møtte fram.

ROS-tallerken til Kari og Einar i Yksendalen

Av Liv Anne ons 25.02.2026 - 15:39

På eigarmøte i Nortura sist veke fekk Kari Brørvik og Einar Hovda Nilsen utdelt ROS-tallerken, ei påskjønning for gode ROS-resultat. ROS er ein måte å måla kvalitet på, og Kari og Einar fekk «Kvalitetslam-pris for 2025»
ROS-analysen er delt inn i kvalitetssirklar, der 25 % av sauebøndene kjem i den innerste sirkelen. Der er Kari og Einar dette året, mellom dei 100 beste i landet.
Uni

Ras deler Eksingedalen - FV 5410 er stengt i Stegane nedom Botn

Av Liv Anne søn 28.03.2021 - 15:44
Like før midnatt laurdag kveld vart raset oppdaga. Geolog har vore på staden og raset vert ikkje opna før tidlegast onsdag.

Trafikkmeldinga til statens Vegvesen melder at vegen er "stengt på grunn av steinras. Rasområdet har vore inspisert av geologar i dag, onsdag 31. mars. Siste melding på 175.no er "Ny vurdering 1. april kl 15.00


Raset er gått i Stegane, ca 200 meter nedanfor avkjørselen opp til Yksendalen.

P Å S K E R E B U S

Av Liv Anne lør 27.03.2021 - 09:30
Eksingedalen IL følgjer opp fjor-året og inviterer til påskerebus langs veg i Eksingedalen.

- Målet er at me alle kan ha ein felles aktivitet sjølv om me ikkje kan vera saman denne påska heller, seier Anna Bergo som er leiar i idrettslaget.
Rebusen kan du løysa åleine eller saman med dei du bur saman med.

Premiedryss og heider med utdeleing av krus for Fjelltrimmen

Av Liv Anne søn 21.03.2021 - 17:50
Vanlegvis er det både premiering og krusutdeling på årsmøtet i Eksingedalen IL. I år vart også dette annleis, og mange fekk difor både premie og krus etter skirennet på Nesheim.
26 medlemmar greidde i år kruset, og dei med flest turar registrert i bøkene fekk gåvekort.

Vegard Gullbrå Tollefsen vart nummer 1 i år også! For første gong i vaksenklassen.

Endeleg skirenn!

Av Liv Anne søn 21.03.2021 - 17:35
Endeleg vart det eit skirenn, det første og det siste for Eksingedalen IL i 2021.
Det er lite snø på Nesheim, for lite til å køyra skiløype no. Men i høve skirennet var det laga fin løype med spor tur/retur, ca 1 km.
Rennet var for dei under 20 år, og berre lokalt for Eksingedalen. 10 løparar stilte til start.

Tida med alle årsmøta

Av Liv Anne ons 17.03.2021 - 18:54
Koronaåret har skipla mange datoar. No ser det ut til at årsmøta kan haldast i Grendahuset Ljosheim, og Ljosheim er rigga opp etter smittevernreglar. Alle får tilvist plassar, med god avstand mellom seta. Først ut er Kvinne- og Familielaget, så kjem idrettslaget og Grendahuset Ljosheim rett over helga.

Barnehagen opnar att i Eksingedalen

Av redaktør fre 12.03.2021 - 14:52

Formannskapet i Vaksdal vedtok denne veka at barnehagen i Eksingedalen opnar att i august. "Barn frå Eksingedalen skulekrins får tilbod om barnehage på Bergo, og barn frå Eidslandet krins får tilbod om plass i Modalen", står det i vedtaket til Formannskapet.

Dette er ei "glad-sak" for Eksingedalen!