Kven skal bli årets Eksingedøl?
Kven syns DU at skal får heidersteiknet "Årets Eksingedøl" dette året?
Prisen vert delt ut av Bygderådet 17.mai, og det er folket som bestemmer kven som er kandidatar!
Gjennom denne prisutdelinga ynskjer ein å setja pris på positivt engasjement for bygda.
Prisen vert delt ut av Bygderådet 17.mai, og det er folket som bestemmer kven som er kandidatar!
Gjennom denne prisutdelinga ynskjer ein å setja pris på positivt engasjement for bygda.
Informasjon frå Bygderådet
Årsmøtet i Bygderådet valde nye medlemmar til styret. Dei som er med i styret er:
Einar Hovda Nilsen, Håkon Øvstedal, Britt Eide og Liv Anne Bergo. Liv Anne er det kommande året leiar av Bygderådet.
Styret ynskjer å gje kort informasjon om kva ein jobbar med, undervegs i året, her på Eksingedalen si eiga heimeside. Styret vert også glad for alle som engasjerer seg og har innspel til oppgåver.

Premiedryss og heider med utdeleing av krus for Fjelltrimmen
Vanlegvis er det både premiering og krusutdeling på årsmøtet i Eksingedalen IL. I år vart også dette annleis, og mange fekk difor både premie og krus etter skirennet på Nesheim.
26 medlemmar greidde i år kruset, og dei med flest turar registrert i bøkene fekk gåvekort.
Vegard Gullbrå Tollefsen vart nummer 1 i år også! For første gong i vaksenklassen.
26 medlemmar greidde i år kruset, og dei med flest turar registrert i bøkene fekk gåvekort.
Vegard Gullbrå Tollefsen vart nummer 1 i år også! For første gong i vaksenklassen.
Endeleg skirenn!
Endeleg vart det eit skirenn, det første og det siste for Eksingedalen IL i 2021.
Det er lite snø på Nesheim, for lite til å køyra skiløype no. Men i høve skirennet var det laga fin løype med spor tur/retur, ca 1 km.
Rennet var for dei under 20 år, og berre lokalt for Eksingedalen. 10 løparar stilte til start.

Velkomne til årsmøte for Grendahuset Ljosheim
Alle som høyrer til i Eksingedalen er velkomne til årsmøte for Grendahuset Ljosheim i Ljosheim. Innvitasjonen vert sendt ut på denne måten.
Slik det er no kan ein halda fysisk årsmøte, der smittevernreglane er teke i vare.
Tid: Måndag 22.mars klokka 19.30
Årsmøtesaker og bilete frå den store husavøla.
Orientering om planar framover.
Slik det er no kan ein halda fysisk årsmøte, der smittevernreglane er teke i vare.
Tid: Måndag 22.mars klokka 19.30
Årsmøtesaker og bilete frå den store husavøla.
Orientering om planar framover.
Tida med alle årsmøta
Koronaåret har skipla mange datoar. No ser det ut til at årsmøta kan haldast i Grendahuset Ljosheim, og Ljosheim er rigga opp etter smittevernreglar. Alle får tilvist plassar, med god avstand mellom seta. Først ut er Kvinne- og Familielaget, så kjem idrettslaget og Grendahuset Ljosheim rett over helga.
Barnehagen opnar att i Eksingedalen
Formannskapet i Vaksdal vedtok denne veka at barnehagen i Eksingedalen opnar att i august. "Barn frå Eksingedalen skulekrins får tilbod om barnehage på Bergo, og barn frå Eidslandet krins får tilbod om plass i Modalen", står det i vedtaket til Formannskapet.
Dette er ei "glad-sak" for Eksingedalen!
TINE premierer
På Nesheim vart de is og nonstop til dessert då TINE premierte for levering av mjølk av høgste kvalitet. Og isen var frå Diplomis, som er eigd av TINE. Alle i familien bidreg i fjøset, og var glade for å få 5-årsplakett. Denne plaketten er trinn 1 av 4 i premieringssystemet.
TINE er eit samvirkefortak, eigd av mjølkebønder, som ynskjer å gjere stas på dei som lukkast med å levera mjølk av topp kvalitet. I produsentlaget Vaksdal/Modalen vart det delt ut to 5-årsplakettar dette året.
Les under kva som må til for å oppnå dei ulike premiane.

Eventyrlystne Laila!
Laila Mette Bolstad reiste siste dagane i januar til ei fjellstove i Rana kommune, rett ved svenskegrensa.
Kvifor gjorde ho det? Jau, for å jobba i førstelinja – for å hindra importsmitte av koronaviruset til Noreg. Døgnet rundt er ho med på testing på landegrensa.
Kvifor gjorde ho det? Jau, for å jobba i førstelinja – for å hindra importsmitte av koronaviruset til Noreg. Døgnet rundt er ho med på testing på landegrensa.
Kurs i førstehjelp utsett atter ein gong - og det er framleis ledige plassar!
Kvinne- og familielaget og Eksingedalen IL inviterer til førstehjelpskurs. Kurset vil ha særleg fokus på hjarte- og lungeredning og opplæring i bruk av hjartestartarane.
Nye kursdatoar er onsdag 24. mars og torsdag 25.mars. Dei påmeldte har fått melding om dette - og det er framleis ledige plassar! Ta i tilfelle kontakt med Britt.
Nye kursdatoar er onsdag 24. mars og torsdag 25.mars. Dei påmeldte har fått melding om dette - og det er framleis ledige plassar! Ta i tilfelle kontakt med Britt.
Gudsteneste med påmelding
Søndag 21. februar er det gudsteneste på Nesheim, med årsmøte etterpå. For å delta må du melda deg på. Gudstenesta vert inne i kyrkja. Då har me, etter koronareglementet som gjeld no, berre lov til å vera 10 peronar tilstades, utanom dei som gjer teneste. Det er enno ledig plass.
Nydeleg dag til Kom deg ut-dag på Nesheim
Kuldegradene var målt til minus 24 på Nesheim i dag tidleg, men sola varma etterkvart dagen godt opp - og gradene steig til varmare enn 10 minus. I kalde februardagar er det store skilnader på temperaturen. Heldigvis går sola høgare og høgare over himmelen, og solstrålane når fram til stadig fleire i Eksingedalen.