Kven skal bli årets Eksingedøl?
Kven syns DU at skal får heidersteiknet "Årets Eksingedøl" dette året?
Prisen vert delt ut av Bygderådet 17.mai, og det er folket som bestemmer kven som er kandidatar!
Gjennom denne prisutdelinga ynskjer ein å setja pris på positivt engasjement for bygda.
Prisen vert delt ut av Bygderådet 17.mai, og det er folket som bestemmer kven som er kandidatar!
Gjennom denne prisutdelinga ynskjer ein å setja pris på positivt engasjement for bygda.
Informasjon frå Bygderådet
Årsmøtet i Bygderådet valde nye medlemmar til styret. Dei som er med i styret er:
Einar Hovda Nilsen, Håkon Øvstedal, Britt Eide og Liv Anne Bergo. Liv Anne er det kommande året leiar av Bygderådet.
Styret ynskjer å gje kort informasjon om kva ein jobbar med, undervegs i året, her på Eksingedalen si eiga heimeside. Styret vert også glad for alle som engasjerer seg og har innspel til oppgåver.

Konsert med direktesending på nett
Konsert i Nesheim kyrkje til inntekt for skule på Madagaskar.
Link til konsert finn du under "les mer".
Link til konsert finn du under "les mer".
Bli sett - bruk refleks - køyr fint!
Kvart år markerer Trygg Trafikk "REFLEKSDAGEN" den 15.oktober. Målet er å få folk til å bruka refleks.
Om du køyrer forbi Eksingedalen skule i desse dagar vert du verkeleg minna på å bruka refleks!
Om du køyrer forbi Eksingedalen skule i desse dagar vert du verkeleg minna på å bruka refleks!
Frå Fjelltrim 2020 til 2021
Tradisjonen tru vert bøkene i idrettslaget sin Fjelltrim bytt i haustferien. For dei som manglar postar i 2020-bøkene, er det høve til å registrera seg fram til 15.oktober.
Imponerande prosjekt i fjellsida
I januar 2015 gjekk eit stort snøras frå Storesvåa på Gullbrå. Raset medførte stengt veg og innesperra bygdefolk over mange dagar. Dette skal ikkje skje igjen, tenkte Vegvesenet - og sette i gong med rassikring.
Fotalaje og eksingedølar på fin fjelltur
Onsdagsturen denne veka vart ei fin oppleving saman med "Fotalaje". Alle møttest ved kommunegrensa mellom Vaksdal og Voss - og turen gjekk til Njukjen over Brekkhus.
Den "berømmelege Teigdals-skodda" letta - og turfølgjet fekk både utsikt og solnedgong.
Den "berømmelege Teigdals-skodda" letta - og turfølgjet fekk både utsikt og solnedgong.
Utegudsteneste med dåp
Ein svalande bris på ein varm dag i fjellet. Dette, samt naturen som vakre kulissar rundt gudstenesta med i underkant av 70 deltakarar, gjorde dåp under open himmel til ei hending for minneboka.
Dei siste åra her det vorte halde stølsgudstenester på ulike stølar i Nesheim sokn. Då ynskje om dåp i utegudstenesta vart ytra, vart Beinhelleren valt som stad. Behovet for å kunna nå staden med bil, gjorde at det ikkje vart ein stølsvoll dette året.

Siste postdag for den kjekke postmannen i Eksingedalen
I dag, fredag 14.august, var siste arbeidsdag for postmann Arild Sigurdson. Han har vore postmann i 42 år og ei veke. Då han starta å jobba i posten tenkte han det skulle vara i eitt år. Slik vart det heldigvis ikkje.