Med hjarta for rette staden

Av Liv Anne søn 27.09.2026 - 22:07
Ved nyttår 2026 kom Merita Tjelta Dalland og Stein Dalland med flyttelass til Lavik. Med seg hadde dei 130 sauar og åtte hundar. Katten Rasmus tok i mot dei i Ridnatunet, som bindeledd frå tidlegare eigarar, Astrid og Rune Lavik.

Med dette kom det sau att til garden på Lavik, og ein gard i Eksingedalen kom i drift att.
Uni

Skuleforsking: Prøvefiske i Trefallsvatnet og Bergovatnet

Av Liv Anne tor 26.11.2020 - 11:53
I haust har elevane ved Eksingedalen skule forska på fisk. Det heile starta med eit ynskje om å fiska i valfaget "Friluftsliv" som ungdomsskuleelevane har. Dei drog på fisketur til Bergovatnet.
Der dukka det opp nok uventa: Mange av fiskane hadde parasittar.

- Kva var dette?
- Er det farleg å eta fisken?
- Kva vil skje med fisken?

Aktivt lag med rause gåver

Av Liv Anne søn 08.11.2020 - 21:26
Eksingedalen Kvinne- og familielag samla seg til medlemskveld i Ljosheim denne veka. Det har vore lite av felles aktivitetar det siste halvåret, så mange gav uttrykk for at det var triveleg å kunna samlast rundt eit bord til kaffi og prat. Strikkeglade damer hadde strikketøy med seg også. Bordet var lengre og avstanden mellom kvar var også lengre. Men, på det nye ljose golvet i Ljosheim var dette heilt OK!

Ljosheim har fått heilt nytt golv, der Kvinne- og familielaget har løyvd midlar.