Dobbel lukke! Hurra!

Av Liv Anne lør 14.02.2026 - 11:01
Ein historisk lukkeleg dag! Torsdag 12.februar vart det fødd to nye eksingedølar, med tre timars mellomrom. Dei to borna alle veit om at er ventande dette året, valde å bli fødde på same dag!
- Kva var oddsen for det? smiler Annika.

Terminen var det nokre få dagar imellom, no deler Sunniva og Annika barselstida på Føden på Voss.

Årsmøte i Eksingedalen IL

Av Liv Anne tir 10.02.2026 - 19:10
Eksingedalen IL heldt årsmøte laurdag 6.februar. Som vanleg inviterte styret i idrettslaget til laurdagsgraut og premieutdeling før møtet.

-Sosiale treffpunkt er viktige i Eksingedalen, seier Anna, som er leiar i Eksingedalen IL. Difor nyttar me høvet til å invitera til laurdagsgraut i gymsalen.
Uni

Kven er kva i laga våre

Av Magnar tir 31.03.2020 - 15:39
På botn av eksingedalen.no, i det blå feltet, er det kome nye knappar/klikkpunkt. Eitt av dei er "Lag og råd". Der finn du ei oversikt over laga i dalen og kven som er tillisvalde i desse laga. Så skulle du lura på kven som er leiar, eller kasserar i eit lag, klikkar du på lagsnamnet. Der ligg svaret.

Postkort frå heimeskule i Eksingedalen

Av Liv Anne fre 27.03.2020 - 10:58
Som alle andre skuleelevar har også elevane i Eksingedalen heimeskule. Torsdag denne veka hadde elevane frå 5.- 9. klasse i oppgåve å laga eit postkort. Etter avtale med elevane vert desse postkorta sende ut som ei helsing frå elevane til alle som er innom www.eksingedalen.no i desse dagar. Det kjem eit postkort kvar dag i seks dagar framover.

Nærbutikken er gull verdt!

Av Liv Anne tir 24.03.2020 - 15:17
Medan mange i samfunnet heldt seg i ro heime, står Hege på butikken på for alle.
Hege er som vanleg på tilbodssida:
-Eg tek imot bestillingar, pakkar varer, set dei ut på trappa – og kunden kan henta varekassen der. For dei som treng det, ordnar eg heimkøyring også.