Dobbel lukke! Hurra!

Av Liv Anne lør 14.02.2026 - 11:01
Ein historisk lukkeleg dag! Torsdag 12.februar vart det fødd to nye eksingedølar, med tre timars mellomrom. Dei to borna alle veit om at er ventande dette året, valde å bli fødde på same dag!
- Kva var oddsen for det? smiler Annika.

Terminen var det nokre få dagar imellom, no deler Sunniva og Annika barselstida på Føden på Voss.

Årsmøte i Eksingedalen IL

Av Liv Anne tir 10.02.2026 - 19:10
Eksingedalen IL heldt årsmøte laurdag 6.februar. Som vanleg inviterte styret i idrettslaget til laurdagsgraut og premieutdeling før møtet.

-Sosiale treffpunkt er viktige i Eksingedalen, seier Anna, som er leiar i Eksingedalen IL. Difor nyttar me høvet til å invitera til laurdagsgraut i gymsalen.
Uni

Open kontordag - tilbod om hjelp til å søkje om regionalt miljøtilskot 2019

Av Liv Anne fre 27.09.2019 - 08:47

Vaksdal kommune held open kontordag på Eksingedalen skule torsdag 3. oktober, frå kl. 12:00 – kl. 17:00. Vèr merksam på at tidspunktet for oppstart er endra frå kl. 10:00 til kl. 12:00
Føremålet med kontordagen er å hjelpe føretak/gardbrukar med søknadsprosessen, spesielt i samband med teikning av tiltak i kart. Grunna endringar, er det ikkje mogeleg å overføre tiltak i kart frå i fjor, og alle tiltaka må difor teiknast på nytt. Dette kan kommunen hjelpe til med, om det trengs.


Fiber i vegg, like viktig som straum og vatn!

Av Liv Anne ons 28.08.2019 - 21:09
"Fiber i vegg er like viktig som straum og vatn!" KRF sin ordførarkandidat Bjart Magnus Rossvold hausta spontan applaus med dette svaret. Spørsmålet var om nokon ville både ta tak i og prioritera å få fiber fram til alle hus. Det viste seg å vera tverrpolitisk semje om nettopp dette, og det gledde dei frammøtte stort.

Andre viktige saker for eksingedølane var betre og meir brukarvenleg eldreomsorg, god kommunikasjon i vid forstand - og ei større prioritering av landbruk og bygdenæring.

Etter svara frå politikarane denne kvelden er det grunn til optimisme: Mange lova ta tak i desse oppgåvene.

Bli med på turhelg i Eksingedalen!

Av Liv Anne tor 22.08.2019 - 19:27
Til helga har du sjansen til å vera med på to fine fellesturar med Vaksdal Turlag i Eksingedalen! Har du enno ikkje vore på Vaksdals høgaste topp? Laurdag 24.august går turen til Skjerjavasshovden, høgaste toppen i Vaksdal, 1264 moh.
Oppmøtestad er Trefall i Eksingedalen kl 11.00, ved Trefallbrua rett ovanfor Trefall. Herifrå køyrer ein anleggsvegen inn til Beinhelleren.Turen startar i sørenden av Beinhellervatnet på 700 moh. Turen tek omlag 4-5 timar tur/retur. Totalt er det ca 10 km og ein samla stigning på nesten 1000 høgdemeter.

Søndag den 25. er det tur langs Øvrafjellet, den gamle ferdslevegen mellom Gullbrå og Ekse til Brekkhus. Oppmøte ved Vinningsleitet på Fv. 313, ved kommunegrensa mellom Vaksdal og Voss. Turen startar bratt opp til Krossaleitet, derifrå er det innover i lettare terreng mot Eksestølen og ned til Ekse. Skyss vert organisert attende til parkerte bilar. Ein rekar 5 -6 timar på denne turen.

Eventuelle endringar i tilfelle dårleg vèr vert å finna på www.eksingedalen.no
Sjå også https://vt.dnt.no/ for meir informasjon

Stølsgudsteneste på Trefallstølen

Av Magnar man 12.08.2019 - 19:55
Vinterbilete av dei tre sela på Trefallstølen. Foto: Kåre Trefall

"Det blir stølsgudsteneste. Sjølv om regnet har vart lenger enn værmeldingane tilsa, satsar me på opplett midt på dagen." Dette er siste melding frå Nesheim sokneråd.

Søndag 18. august er det planlagt stølsgudsteneste på Trefallstølen. Nesheim sokneråd inviterer til samling på stølsvollen kl. 12.00. Turen opp til stølen tek under 1 time, men dersom du vil ha god tid er det lurt å starta kl. 10.30. Då vil det vera folk på plass for å rettleia om stival. Starten på turen er ved brua i Røyrdalen, der DNT-stien til Selhamar startar. Hugs å ta med mat og drikke til kyrkjekaffien etter gudstenesta.
Skulle det bli så dårleg vèr at det ikkje blir gudsteneste ute, held me til i kyrkja på Nesheim. Kontaktperson er Magnar Nese, tlf. 97588303. Det blir også lagt ut info på eksingedalen.no

Nesheim sokneråd