Mobile Worker

Eit hjarte for oppveksttunet i Eksingedalen

Av Liv Anne tir 10.05.2022 - 09:40
Elevar og lærarar ved oppveksttunet er opptekne av mange ting. Når naturen i kring vaknar til liv att etter vinteren, vert planter, blomar og bier viktig del av skulefaga. Her jobbar dei saman, i ulike aldrar. Siste veke laga dei eit hjartebed. "Dette hjartet skal symbolisera samhald, mangfald og fellesskap i Eksingedalen", skriv elevane.

No ynskjer dei seg stauder til å fylla i hjartet.

Uni

Framdrift i mobilsaka

Av Svein tir 25.02.2014 - 17:30
Både den administrative og den politiske leiinga i Vaksdal kommune stilte sterkt med rådmann, ass. rådman, ordfører og varaordfører då dei inviterte til informasjonsmøte saman med Pål-Helge Lukashaugen frå Telenor om stoda i mobilsaka.

Haugen Fjellgard

Av redaktør tir 21.01.2014 - 18:42
Garden ligg midt i Eksingedalen, 2 km frå hovudvegen. Garden vert driven av ekteparet Kåre-Magnar Trefall og Elisabeth Holth, som driv mjølkeproduksjon og med sau. Haugen Fjellgard er eit bra utgangspunkt for turar i Eksingedalen sommar som vinter, og for fisketurar langs Ekso.

Gullbrå Hytteutleige

Av Svein tir 21.01.2014 - 18:18
To hus tilleige på Gullbrå.
Kvitahuset: Nyoppussa hus tilleige.7/9 sengeplasser.Tv/parabol, oppvaskmaskin, vaskemaskin. Fullt utstyrt. Ta med sengetøy. Kan evt. leige dette for kr 150,-
(Sengetøy/handkler)

Steinhuset: Triveleg hus for utleige som inneheldt stove, kjøkken med alt utstyr, 3 soverom med 2 senger på kvart rom, her er dyner og puter med.
Dusj og toalett.