Både Kongen og Anna, Jørn og Knut er klare
Eksingedalen stiller sterkt når Kong Harald kjem på offisielt besøk onsdag 27.mai. Anna Sveinungsdatter Bergo og Knut Trefall frå Eksingedalen, og Vaksdal sin mest taleføre og kongekyndige, Jørn Øyrehagen Sunde, skal losa Kongen gjennom ei rekkje kulturelle og historiske smakebitar frå kommunen vår.
Engasjement om kommuneplanen i Eksingedalen
Gjertrud Karevoll og Tore Henrik Øye frå Vaksdal kommune hadde måndag denne veke "open kontordag" i Eksingedalen. Her kunne bygdefolk komma som "drop-in" eller etter avtale. Trafikken var ikkje så stor utover etttermiddagen, men fleire kom til informasjonsmøtet - og der var engasjementet stort!
Det er arealdelen av kommuneplanen som no er på høyring.
Det er arealdelen av kommuneplanen som no er på høyring.
Julafta-kor
Kor e du på julafta? Nesheim sokneråd ynskjer alle som er i Eksingedalen på julafta hjarteleg velkomne til kyrkja på Nesheim. I tillegg er det eit ynskje om å få til eit kor slik som for to år sidan. Der er alle songarar velkomne til å vera med.
Ferdig arbeid på Brekkhusfjellet fv 313
Vegvesenet opplyser at arbeid med vegsikring på fv 313 oppom Utsikten no er ferdigstilt.
Blåtimar, kvardagspoesi og advent
Ei nydeleg veke med stålis og blåtimar avsluttar november. I tillegg er det kjekke aktivitetar å delta på i slutten av veka:
Fredag 30.november kl 10.30 - 12.30 inviterer Eksingedalen skule til poesikafè.
Same kveld, kl 17.00 invitere Hege til joleopning på butikken på Lavik.
Laurdag 1.desember heldt kvinne- og familielaget til med i Ljosheim, med joleverkstad.

Moro på isen
Etter mange dagar med minusgrader og fint vèr i dalen, var det klar is for leik og moro.
Kommuneplan: Open kontordag og informasjonsmøte
Planforslaget til ny kommuneplan er no til høyring. I samband med dette blir det «open kontordag» og informasjonsmøte på skulen i Eksingedalen 3. desember kl 14-18.
Tida mellom kl 14-17 er for interesserte med fokus på einskilde innspel/endringar, enten som «drop-in» eller med avtale.
Kl 17-18 er det informasjon om heile planforslaget, men med stor vekt på utvikling og endringar i Eksingedalen.

Vegstenging på fjellet, Fv 313
På grunn av utbetringsarbeid ved Svalhamrane, rett ved Utsikten, vert vegen stengt i lange periodar i tidsrommet 14.november - 20.desember.
ARBEIDSTIDSROM: Måndag - fredag 08.00 - 20.00, laurdag 08.00 - 18.00
Opningstider: 12.00 - 12.30 og 16.00 - 16.30
Fri ferdsel frå laurdag kl 18.00 til måndag kl 08.00
ARBEIDSTIDSROM: Måndag - fredag 08.00 - 20.00, laurdag 08.00 - 18.00
Opningstider: 12.00 - 12.30 og 16.00 - 16.30
Fri ferdsel frå laurdag kl 18.00 til måndag kl 08.00
Haldis og Gaute opnar nyefloren for skuleelevar
Haldis og Gaute har hatt eit travelt halvår. No kan dei gle seg over ny, flott flor - ein av dei meste moderne i landet! I dag tek dei i mot elevane i 7. - 10.klasse ved Eksingedalen skule.
Og dei tek seg god tid: Dei viser rundt, fortel, forklarer og svarer på mange gode spørsmål.
Og dei tek seg god tid: Dei viser rundt, fortel, forklarer og svarer på mange gode spørsmål.
Fiber i vegg
Å få lagt fiberkabel fram til husveggen til dei i Eksingedalen som ynskjer det, har vore på Eksingedalen Bygdaråd si satsingsliste ei god stund. Etter at mobilutbygginga i dalen no er fullført, er dette arbeidet teke opp att. Dersom du prøver å bestille fiber hjå Telenor får du melding om at det ikkje er planar om utbygging i Eksingedalen. I nedre del av dalen er det sendt ut tilbod om breiband levert over mobilnettet. Kundehandsamarane i Telenor påstår at dette er framtida. Til tross for dette held Bygdarådet fram med arbeidet. Her kan du lesa brevet som er sendt til Telenor.