Endeleg M A R K N A D!
23. august 2025. Då vert det Eksingedalsmarknad på Lavik. Det er berre å merka av datoen i kalendaren - og gle seg!
Lukka til vidare, tiandeklasse!
Sist veke vart tiandeklassingen Elias Bergo feira med sommarfest ved oppveksttunet i Eksingedalen. Først var det sommarfest for å feira skule- og barnehageåret for alle, deretter fekk tiandeklasse tildelt både talar, vitnemål, verdisjekk og bokgåver.
Vaksdal kommune sin kulturpris til Husastyret i Grendahuset Ljosheim!
I dag fekk husastyret for Grendahuset Ljosheim Vaksdal kommune sin kulturpris for året 2024! Ordføraren stod for utdelinga, som fann stad under opninga av Daledagane. Formannskapet delte dette året ut to kulturprisar: Til husastyret i Grendahuset Ljosheim og til dugnadsgjengen bak Fryd på Dale.
Ope møte om historisk fjellturprosjekt
Arne Høyland, frå Eikangervåg i Osterfjorden, har teke initiativ til oppstarten av eit historisk fjellturprosjekt - det vil seia å rekonstruera Gulatingferdi frå Eksingedalen til Guløy/Flolid i Gulen i 2025.
Dette kan ein høyra meir om på ope møte i Grendahuset Ljosheim i Eksingedalen, tysdag 4.juni klokka 19. Her ynskjer ein alle med interesse for prosjektet velkomne!
Grendahuset Ljosheim syter for sal av kaffi og kaffimat.

Velkommen til kakefest på butikken!
Kawin har eit ynskje: Å eta kaker saman med mange, samstundes som me ser på at ny butikk blir til!
Tysdag 28.mai skjer det! Alle er inviterte til kakefest kl 16.
Tysdag 28.mai skjer det! Alle er inviterte til kakefest kl 16.
Har du lyst på planter?
Elevane sel overskotet av planter. Det er tomatplanter, type Nordenes busktomat, og sukkererter.
Plantene kostar kr 20,- pr stk og kan bestillast hjå oppveksttunet.
Plantene kostar kr 20,- pr stk og kan bestillast hjå oppveksttunet.
Gunnar! Ein viktig mann for Eksingedalen!
I år var det Gunnar Hatland som fekk heidersutmerkinga "Årets eksingedøl". Og det var svært velfortent!
Gunnar har gjort eit ufatteleg stort grunnarbeid i mange viktige saker for Eksingedalen dei siste 15 åra.
Ein 17.mai for minneboka!
Det er langt imellom så tidleg vår, så varmt - og så mange menneske samla i Eksingedalen til 17.mai! Dagen var fantastisk på alle måtar, og det er lett å gle dei frammøtte med så vakre rammer som ein hadde dette året.
Godt over 100 menneske var samla på oppveksttunet i Eksingedalen.
Godt over 100 menneske var samla på oppveksttunet i Eksingedalen.
17.maitalaren i år er Gunnstein Akselberg!
Talar i Eksingedalen i år er Gunnstein Akselberg. Me gler oss!
Frå mosebane til grusbane
Naturen var godt i gang med å ta fotballbanen på Bergo attende til natur. Om få år ville det fort vore blandingslauvskog med bjørk og osp, grasdekke og mose.
Takka vera ein iherdig arbeidsgjeng er det no grusbane att, klar til bruk.
Takka vera ein iherdig arbeidsgjeng er det no grusbane att, klar til bruk.
Spelekraft, sogebøker og strålande Sigrid!
Sigrid Moldestad fylte Ljosheim med musikk, soger og folk søndag. Tett på publikum, i brurebenken framme i salen, trollbatt ho publikummet sitt.
«Og bobler på ein søndag, her er det håp» sa Sigrid då ho opna programmet!
«Og bobler på ein søndag, her er det håp» sa Sigrid då ho opna programmet!