Sigrid Moldestad kjem til Eksingedalen!

Av Liv Anne søn 25.02.2024 - 23:00
Sundag 28.april kjem sjølvaste Sigrid Moldestad til Grendahuset Ljosheim!

Sigrid Moldestad legg for fyrste gong ut på ein akustisk soloturne vinteren 2024. Her tek ho utgangspunkt i bokplata "Breim" som kom ut i haust. Det blir personlige historier, poesi, slåttar og songar. Eit nært møte med musikk ho har sitt hjarte i. Sigrid inviterer publikum til unike små spelestader som kler både musikken og felefortellingane ho har med seg.

 

Mobile Worker

Uni

God oppslutning om lagsmeisterskap

Av Liv Anne lør 03.03.2018 - 18:56
Det var folksamt i løypene på Nesheim laurdag 3.mars då Eksingedalen IL skipa til lagsmeisterskap. I alt stilte 29 deltakarar med eit aldersspenn frå 3 til 78 år til start. Idrettslaget set stor pris på at hyttefolk og andre tilreisande også er med på lagsmeisterskapet.
Alle får gå - og alle får premie! "Kjekt med stor skiglede", seier rennleiar Magnar Nese

Nytt kvinnestyre er klar for innsats

Av Liv Anne fre 23.02.2018 - 10:43
Det er årsmøtetid i Eksingedalen, og eitt av laga som har fått nytt styre er Kvinne- og familielaget. Laget hadde årsmøte 13.februar, og no har det nye styret konstituert seg. Tre av damene heldt fram i styret frå sist år, to er nye for året. Program for våren er sett opp, og damene tok "selfie" på det første styremøtet.

Vaksdal Turlag er skipa

Av Liv Anne tir 13.02.2018 - 18:07
Tysdag12.februar vart Vaksdal Turlag formelt skipa, som det 15.lokallaget i Bergen og Hordaland Turlag. Styret i det ny turlaget har ein representant få kvar av bygdene i kommunen. No skal det nye styret i gang med turkalender for sesongen, med mål om å få til turar i dei ulike bygdene. I Eksingdalen vert nok turane i samarbeid med turgruppa i Eksingedalen IL.

Utetid, innetid og årsmøtelaurdag

Av Liv Anne søn 04.02.2018 - 20:00
Til trass for at gradestokken var nær 20 kuldegrader, samla det seg fleire og fleire born, ungdommar og vaksne til skileik på Bergo laurdag. Det er god tradisjon med skileik for heile familien før idrettslaget heldt årsmøtet sitt. Løypene var gode - og køyrt opp som reine labyrinten. Her var kuleløype, hopp, hinderløype og stødige spor til å gå i. Passeleg for smale ski, breie ski, korte og lange ski, kjekt var det med akrebrett også!

Aktiv fjelltrim i Eksingedalen

Av Liv Anne søn 28.01.2018 - 19:22
Turgruppa i Eksingedalen IL melder om nok eit aktivt turår i Eksingedalen! Aldri før har så mange registrert seg i Fjelltrimbøkene. Det er notert 3 235 namn i 2017, mot 2 635 namn året før. Heile 80 av dei 101 medlemmane i laget har namnet sitt i ei eller fleire av Fjelltrimbøkene, ein auke på 569 oppføringar av medlemmar på tur. 28 har greidd alle dei 15 postane, og dei får kruset.

Mykje moro på kom-deg-ut dag

Av Frøydis søn 21.01.2018 - 18:21
I bra vèr og med strålande skiløyper inviterte turgruppa i idrettslaget og det nydanna Vaksdal Turlag til 150 års feiring av DNT med kom-deg-ut dag denne søndagen. Arrangørane hadde førebudd og sett saman eit variert og fleksibelt program som såg ut til å passe alle.

Tøffe ungar på direkte-TV

Av Frøydis tor 18.01.2018 - 18:34
Den Norske Turistforening DNT feirar 150 år i desse dagar. I samband med dette fekk Vakdal kommune besøk av NRK1 og "Norge nå" i kveld, sidan det ferskaste lokallaget i DNT nettopp er Vaksdal turlag. Sendinga fann stad ved Bergsdalstunet i Bergdalen - og ungar frå friluftsgruppa i Eksingedalen stilte opp i programmet då dei vart spurt.