PÅSKEBINGO!

Av Liv Anne tir 08.04.2025 - 14:44
Tradisjonen tru, det vert påskebingo!
Med ekte påskebingo-stemning, fine gevinstar, kaffi og kaker - og bingovitsar! Ein før-bingovits er klar. Leit og finn.

 

Mobile Worker

Tufteparken er klar til bruk i påska

Av Liv Anne søn 13.04.2025 - 22:02
Det var stor-dugnad sist veke for å få klar Tufteparken. 21 små og store lempa og grafsa fallsand utover, med iherdig arbeidslyst. Dei yngste prøvde ut ulike aktivitetar innimellom grafsearbeidet, før dei lempa på att! Å jamna ut 150 tonn fallsand til 40 cm djupn gjekk som ein draum, i solnedgangen.

No ventar alle på grusing av fotballbana, noko Vaksdal kommune har løyvd pengar til. Denne grusinga skjer ganske snart, seier kommunen. Etter det vert det ei offisiell opning av Tufteparken, men bruk den så mykje du vil i påska!
Uni

Førehandsval, valkafè og lokal valgransking

Av Liv Anne tor 31.08.2017 - 20:51
Vaksdal kommune gjennomfører denne veka førehandsrøysting rundt om i grendene i Vaksdal. I Eksingedalen var det mange som nytta høvet til å gje si røyst til partiet dei meiner skal styra landet dei kommande fire åra. Folk sette pris på å framleis få røysta på skulen i Eksingedalen. Dei tre gutane i 9.klasse sytte for servering, og valkafè var populært. Mange tok seg riktig god tid med kaffi og kaker og fekk prata med naboar og sambydingar.

Blå himmel, sol og trim i triveleg lag

Av Liv Anne tor 17.08.2017 - 21:43
Onsdag denne veka starta turgruppa sine trimturar opp att, først haustturen gjekk til Nesheimstølen. Godt turvêr har me ikkje hatt for mykje av denne sommaren, så då blå himmel og sol viste seg - og attpåtil og heldt heile turen, vart stemninga "ekstra god". Å gå på tur er godt for kropp og sjel! Neste onsdagstur går til Nonhaugen, med bursdagsfeiring på toppen. Så det er berre å hengja seg på!

Klar for klatring?

Av Frøydis fre 04.08.2017 - 22:54
Er du glad i å klatre motbakker på sykkel? Då bør du ta ein tur på fv 313, opp fjellovergangen mellom Teigdalen og Eksingedalen. Stigninga opp frå Brekkhus-krysset til toppen av fjellet kan tilby 615 høgdemeter over 6,5 km. Godt asfaltdekke og nokså jamn stigning gjer bakken ypperleg til treningsføremål. Og er du ekstra sprek, ja då rullar du nedatt og tek bakken ein gong til.

"Ny" fotballbane

Av Frøydis tor 03.08.2017 - 18:57
Det har utført ein del arbeid på grusbana på Bergo i vår og sommar, mellom anna er der lagt ny grus og bana har blitt oppretta ein del. Ivrige fotballspelarar berre "måtte" ta ein test i dag

Rulleskikameratane går nye vegar

Av Liv Anne fre 28.07.2017 - 20:05
Trimiveren i Eksingdalen er stor. Nokre held vinteridretten ved like også på finaste sommardagen, men dei har i sommar vore nøydde til å finna seg ny treningsløype. Vegdekket gjennom Eksingedalen er svært dåreleg og rett og slett farleg for både sykkel og rulleski. Så "rulleskikameratane" går difor meir krevjande treningsveg i år: Frå Nesheim og opp på høgaste punktet på fjellovergangen Fv 313. Nedatt går det i lett jogging, med skia i handa.

Condoren er komme til Eksingedalen!

Av Liv Anne tir 06.06.2017 - 19:39
Vandreutstillinga ”Condoren på Kvitanosi” er komme heim til Eksingedalen. Sist veke fekk ”Condor-entusiast” Kåre Trefall med seg broren sin Jon på tur til Herdla. Målet var å henta med seg utstillingskassene med den nedpakka utstillinga. Eksingedalen har no fått heile utstillinga! Dette har Kåre arbeidd for ei god stund, og det er takka vera den spesielle interessa hans at det vart til ei utstilling omkring denne hendinga.