Barneteater i Ljosheim

Av Liv Anne man 07.09.2026 - 09:10
Tysdag 8.september inviterer Grendahuset Ljosheim og Eksigngedalen oppveksttun til Barneteater i Ljosheim.

Dei eldst elevane ved oppveksttunet er teatervertar. "Olle Bolle og Storebrum" er ei song og forteljarførestilling med utgangspunkt i Elsa Beskow, formidla av dyktige damer frå Voss: Astri Sudman og Kari Finne Sognnæs.

Forestillinga er open for born og vaksne i alle aldrar!

Vaksdal kommune kondolerer etter Hans Majestet Kong Haralds bortgang

Av Liv Anne fre 28.08.2026 - 15:11
Frå Vaksdal Kommune si nettside.
Foto: Kimm Saatvedt, Det kongelege hoff

Hans Majestet Kong Harald har gjennom eit langt liv i teneste for landet vore ein samlande monark for Noreg. Vaksdal kommune sender sine djupaste kondolansar til kongefamilien.


– På vegne av Vaksdal kommune vil eg uttrykka vår djupaste medkjensle med Dronning Sonja og kongefamilien ved bortgangen til Hans Majestet Kong Harald, seier ordførar Hege Eide Vik.
Uni

Ljosfest i Eksingedalen

Av Liv Anne søn 03.12.2017 - 20:07
1.desember kl 17 tennte Hege alle ljosa på Nærbutikken! Det glitra og det blinka - og Hege stråla i lag med alle ljosa! Her ligg alt klart for hyggeleg jolehandel. Og, Hege skaffar det meste! Berre spør henne!

Staseleg bruopning på Flatekval

Av Liv Anne man 30.10.2017 - 22:31
Mykje folk var samla til staseleg bruopning søndag. Ei ny, solid og god bru er komme på plass over Skorsdalselva på veg til Flatekvalstølen. Her har det vore bru i over 50 år, men vatn og snø har med jamne mellomrom brote sund bruene. Den siste brua vart øydelagt for eit par år sidan. I nedbørsperiodar har det vore utfordrande å kryssa elva her, iallfall utan å bli kald og våt på beina. I sommar tok tre grunneigarar verkeleg tak i dette! Den nye brua er langt meir solid enn dei tidlegare.

Offisiell opning av stølsbru

Av Liv Anne søn 22.10.2017 - 20:39
Brubyggjarane inviterer til opning av nye bruer på stølsvegen til Flatekvalstølen. Stølsvegen har vore utan bru dei siste åra, men i haust har grunneigarar laga ny, flott bru.
Så fine bruer treng skikkeleg opning! Det skjer søndag 29.oktober kl 14.

Førehandsval, valkafè og lokal valgransking

Av Liv Anne tor 31.08.2017 - 20:51
Vaksdal kommune gjennomfører denne veka førehandsrøysting rundt om i grendene i Vaksdal. I Eksingedalen var det mange som nytta høvet til å gje si røyst til partiet dei meiner skal styra landet dei kommande fire åra. Folk sette pris på å framleis få røysta på skulen i Eksingedalen. Dei tre gutane i 9.klasse sytte for servering, og valkafè var populært. Mange tok seg riktig god tid med kaffi og kaker og fekk prata med naboar og sambydingar.