Mobile Worker

Uni

Marknad med mykje moro

Av Frøydis søn 21.08.2016 - 20:02
Det krev mykje planlegging før startskotet går for marknadshelga. Program skal lagast, aktørar hankast inn. Der må vere salsbuer og aktiviteter -noko som passar for alle. Så må dei handlande få høve til å kjøpe seg ein matbit eller to - og litt underhaldning høyrer også med. Når så alt dette er i boks, og til og med vèret spelar på lag - ja då er det duka for skikkeleg fest - Det vart Eksingedalsmarknad på sitt beste i år!

Set av helga 20.-21.august til EKSINGEDALSDAGAR!

Av Liv Anne ons 13.07.2016 - 18:19
Eksingedalen inviterer til FAGERDALSLØP og EKSINGEDALSMARKNAD ved Nærbutikken på Lavik laurdag 20.august. Søndagen er det STØLSTUR til Flatekvalstølen.
Dette er ein møteplass med god handel, god mat - og ikkje minst mykje god prat!
Pøylo serverer det salte, AnneMargrete sel rømmegraut, Nora serverer thai-mat
- og så vert det også ein "søt kafè".

Jonsokfeiring

Av Frøydis fre 24.06.2016 - 20:13
Fleire stader i dalen er det tradisjon for å samle folk til grilling, bålbrenning og ymse aktiviteter på jonsokaftan. I år fekk me fint ver og god temperatur, noko som gjorde det ekstra kjekt å nyte sommarkvelden. Her er nokre glimt frå feiringa.

Framdrift i mobilsaka

Av Svein tir 25.02.2014 - 17:30
Både den administrative og den politiske leiinga i Vaksdal kommune stilte sterkt med rådmann, ass. rådman, ordfører og varaordfører då dei inviterte til informasjonsmøte saman med Pål-Helge Lukashaugen frå Telenor om stoda i mobilsaka.

Haugen Fjellgard

Av redaktør tir 21.01.2014 - 18:42
Garden ligg midt i Eksingedalen, 2 km frå hovudvegen. Garden vert driven av paret Einar Trefall og Sunniva Sjurstræ, som driv mjølkeproduksjon og med sau.
Haugen Fjellgard er eit bra utgangspunkt for turar i Eksingedalen sommar som vinter, og for fisketurar langs Ekso.

Gullbrå Hytteutleige

Av Svein tir 21.01.2014 - 18:18
To hus tilleige på Gullbrå.
Kvitahuset: Nyoppussa hus tilleige.7/9 sengeplasser.Tv/parabol, oppvaskmaskin, vaskemaskin. Fullt utstyrt. Ta med sengetøy. Kan evt. leige dette for kr 150,-
(Sengetøy/handkler)

Steinhuset: Triveleg hus for utleige som inneheldt stove, kjøkken med alt utstyr, 3 soverom med 2 senger på kvart rom, her er dyner og puter med.
Dusj og toalett.