Bygdekvinnelaget inviterte fredag til fredagsprat med kaffi og vaflar. Vaffeljernet steikte uvabrote i to timar, og ekstra stas vart det med uventa toradarspelarar som kom innom.
Ved nyttår 2026 kom Merita Tjelta Dalland og Stein Dalland med flyttelass til Lavik. Med seg hadde dei 130 sauar og åtte hundar. Katten Rasmus tok i mot dei i Ridnatunet, som bindeledd frå tidlegare eigarar, Astrid og Rune Lavik.
Med dette kom det sau att til garden på Lavik, og ein gard i Eksingedalen kom i drift att.
I dag er Hege Marie Lavik glad. For i dag veit ho at om ei veke skal ho opna butikken på Lavik att! Klokka 12.35 i dag visste ho det, i ei tekstmelding frå ordførar Hege Eide Vik og kommunadvokaten Sindre Tvedten i Vaksdal kommune. Då var siste godkjenning med underskrift på plass.
Heile Eksingedalen gler seg med vår dyktige Hege. Butikken opnar no på nytt, etter brannen 22.mars 2023. Alle hugsar den kvelden, og mange var nok spente på om Hege sitt pågangsmot ville halda. Det gjorde det, og no står ein heilt ny butikk klar. Hege og ungane kan flytta heim att. Hege får jobben tilbake og bygdefolket kan handla lokalt og får tilbake ein viktig sosial møteplass.
Nils Nesheim fekk på årsmøtet tildelt heidersprisen GULLVANDRAREN. Nils fekk utnemninga fordi han i alder av 85 år går langt meir enn dei fleste av oss. Nils har gått i fjellet i alle år, og han har halde fram med å halda seg i god form. Om sommaren er Nils å sjå på sykkel eller til fots, om vinteren går han runde på runde i skiløypa på Nesheim. Der har han også eit skiløp, Nilsaloppet, oppkalla etter seg.
Turgruppa i Ekingedalen IL delte raust ut premiar på årsmøtet sist laurdag. 27 medlemmar fekk utdelt kruset, og det var gåvepremiar til dei som hadde gått aller mest.
Turgruppa har ansvar for Fjelltrimmen,og arrangerer onsdagsturar vår og haust. Målet er å motivera unge og eldre til å gå tur, for god folkehelse!
Laurdag er det årsmøte i Eksingedalen IL, som er eit aktivt og viktig lag i Eksingedalen. Dette året har laget gjennomført to store prosjekt: Lånebu og Tuftepark. På halvanna år er det lagt ned 430 dugnadstimar i arbeid med Lånebua, Tufteparken og vedlikehaldsarbeid på fotballbanen.
I Eksingedalen vart opninga av Friluftslivets år og Kom deg ut-dagen markert i Almane. Det er fint å vera ein del av felleskapet "heile Norge bålar" om ein bur på så ulike stader i landet vårt.
Omlag 35 var innom arrangementet i Almane, og pølsene gjekk unna!
Laurdag 18.januar er det nasjonal start på Friluftslivets år. Det er Kom deg ut-dag og "Heile Norge bålar"! Det skjer 12 - 14 i heile kommunen.
Vaksdal Turlag er arrangør saman med lokale lag i heile kommunen, med mål om bål i alle bygder.
I Eksingedalen er dette eit samarbeid med Eksingedalen IL, og det vert bål i Almane på Bergo.
Turlaget stiller med gratis pølser til alle som kjem. Og alle born får utdelt "litt ekstra"" denne dagen.
Det nye året 2025 startar lyst og lett, med fin snø til både å leika og testa eigne grenser! Etter våte og mørke regndagar sist i 2024, er det ekstra godt med ny, kvit snø som lysnar opp!
Året 2025 er " Friluftslivets år", der draumen er at alle skal finna si friluftsglede. Borna og elevane ved Eksingedalen oppveksttun byrja det nye året med utedag i Almane. Her var det leik og aktivitet, aking, bålkos og fine samtalar.
Det var feststeming på oppvekstunet i Eksingedalen tysdag denne veka. For borna, elevane og dei tilsette var dette ein fest og ei feiringa av alt det kjekke som er jobba med dette halvåret - og ei feiring av all kunnskap som borna og elevane har fått med seg i temaarbeid i haust.
Og når mange gjester kjem til middag, så vert det verkeleg ein fest!