Endeleg M A R K N A D!
23. august 2025. Då vert det Eksingedalsmarknad på Lavik. Det er berre å merka av datoen i kalendaren - og gle seg!
Lihkku beivviin!
Sameflagget vert heist ved alle skulane i Vaksdal på samedagen, 6.februar.
På oppveksttunet i Eksingedalen var dagen markert med tradisjonell samisk kost, laga av dei eldste og dei aller yngste på oppveksttunet.

Laurdagsgraut, premiedryss og årsmøte for idrettslaget
Det var godt oppmøte laurdag, då idrettslaget inviterte til årsmøte. Å eta laurdagsgraut i lag i gymsalen var populært, likeeins å sjå seg sjølv på storkjerm i biletkavalkade.
Leiar Anna Bergo presenterte laget sine aktivitetar gjennom eit stort utval av bilete. Så var det premieutdeling, før det heldt fram med årsmøte for Eksingedalen IL.
Lånebua vil få deg ut på gratistur
Swoooop!
Der forsvann alle unnskyldningane om mangel på utstyr for ikkje å kome deg ut og trimme kotelettane dine, både vinter og sommar.
No kjem nemleg «alt» det nødvendige du treng, på plass i Lånebua på idrettsplassen ved skulen på Bergo. Ski til alpint og langrenn. Skistøvlar, skøyter både til ishockey og lengdeløp. Fotball og fotballsko. Har du ikkje lett nok bukse til ein uventa stunt-kamp der du trengst, så kan du driste deg til å spela i «undikken», då publikumstalet er beskjedent. Og alle utlåna frå Lånebua er gratis. Null kroner, altså, for ein skøytesafari på stålisen på Bergovatnet. Eller ein livgjevande omgang på fotballbana, om det så er ein uproff kamp med fleire sjølvmål og greier.

Steinhard i innhald – lun i form
Han er steinhard i innhald, men lågmælt, mild og lun i framføringa, Anders Nordstad. Det vista han tydeleg då han vitja Ljosheim i Eksingedalen no laurdag 27. januar.
- Eit brød kostar til dømes 42 kroner. Men om mjølet hadde blitt gratis, ville prisen i butikken framleis vera 42 kroner. Prisen vert nemleg danna av betalingsviljen vår, og ikkje av råvareprisen som bonden får.

God jul!
Jul med kvit snø ute og song frå popup- julekor med følge i Eksingedalen kyrkje
Desembermoro i Eksingedalen
I desember har det vore juleverkstad i regi av Kvinne- og familielaget, og Grendahuset Ljosheim inviterte til barneteater.
Kjekk førjolsmoro for borna!
Kjekk førjolsmoro for borna!
Bygdakafé og berekraftige produkt frå skulehagen
Tysdag inviterte oppveksttunet til kafé og julehandel. For sal var det 178 produkt laga av barnehageborn og elevar i alle aldrar. Alle 178 produkta vart selde, i tillegg over 50 middagsporsjonar.
Den aller sterkaste i Eksingedalen?
Utan tvil, Jorill Nese ville nok vore den aller sterkaste i Eksingedalen! Denne veka har ho delteke i utstyrsfritt styrkeløft, åpen klasse (senior). Meisterskapet var i Tartu i Estland, og der løfta eksingedalsjenta samla heile 456 kilo!
- Med mykje sjukdom i oppkjøringa er eg veldig fornøyd med resultatet samla sett, seier Jorill etter løfta sine, sjølv om eg veit at eg kunne ha gjort ein større total enn det eg fekk.

Førjulshelsing frå Dhaka
Eksingedølen Jaokb Lending Gullbrå har sidan i sommar vore studentpraktikant ved den norske ambassaden i Dhaka i Bangladesh.
Jakob har takka ja til å senda eit "reisebrev" heim til Eksingedalen, og her kjem ei førjulshelsing frå Jakob:

Frå tun til tun på Bergo.
Møteplass. For andre gong inviterte dei to bruka på Bergo til handel og vandring. 10 blå og 30 cm nysnø laga ei flott ramme, som mange deltok for å laga eit fint bilete inni.
Stallen på den eine garden hadde sidan tilstellinga i fjor blitt til kafè med kaffi og bakverk. Betasuppa "Bergo spesial" samt graut og kaker vart servert i stova på det andre bruket.
Og vandringa gjekk frå tun til tun, slik invitasjonen tilsa.