Nytt toalett ved kyrkja på Nesheim

Av Magnar man 03.11.2025 - 09:50
Opninga av toalettet skjedde med snorklipping søndag 19. oktober. Snora var toalettpapir, som vart klipt av leiar i soknerådet i Nesheim sokn, Gøril Kvinge Nesheim. Håkon Øvstedal og Anita Gullbrå assisterte. Solfrid Urke Nese fotograferte. Så heile soknerådet hadde oppgåver under opningsseremonien.
Nytt toalett har stått på ynskjelista til soknerådet i mange år. Så etter fleire rundar, først med å få på plass finansiering og så det praktiske med plassering og utforming, er me endeleg i mål.
Døra inn til toalettet er den til høgre.

 

Mobile Worker

Om hjartestartarane i Eksingedalen

Av Magnar tir 28.10.2025 - 10:20
I Eksingedalen fins det 5 hjartestartarar. Akkurat no er startaren på Gullbrå ute av drift. På Bergo (oppveksttunet), i Yksendalen, på Flatekval (Ljosheim) og på Høvik finn du dei andre. Alle desse er i funksjon.
Ved å bruke 113.no og oppgi posisjonen din, vil du få opp eit kart som viser hjartestartarar i nærleiken av der du er. Dette gjeld same kvar i landet du oppheld deg. Oppfordrar deg til å besøke denne nettsida for å teste denne funksjonen. Du må bla deg litt nedover sida for å finne funksjonen du skal trykke på for å få opp kartet.
Hjartestartarar skal vera lette å bruke, det er ei stemme i startaren som fortel deg kva du skal gjere. Men, uansett er oppfordringa å delta på kurs i hjarte- og lungeredning der bruk av hjartestartar er inkludert.
Uni

Førjulshelsing frå Dhaka

Av Liv Anne tir 05.12.2023 - 07:40
Eksingedølen Jaokb Lending Gullbrå har sidan i sommar vore studentpraktikant ved den norske ambassaden i Dhaka i Bangladesh.

Jakob har takka ja til å senda eit "reisebrev" heim til Eksingedalen, og her kjem ei førjulshelsing frå Jakob:

Frå tun til tun på Bergo.

Av Magnar fre 01.12.2023 - 16:08
Møteplass. For andre gong inviterte dei to bruka på Bergo til handel og vandring. 10 blå og 30 cm nysnø laga ei flott ramme, som mange deltok for å laga eit fint bilete inni.
Stallen på den eine garden hadde sidan tilstellinga i fjor blitt til kafè med kaffi og bakverk. Betasuppa "Bergo spesial" samt graut og kaker vart servert i stova på det andre bruket.
Og vandringa gjekk frå tun til tun, slik invitasjonen tilsa.

Novemberbasar!

Av Liv Anne søn 12.11.2023 - 22:59
Basar ein fredag i november er kjekt! Ute var det mørkt og kaldt, og inne i Ljosheim lunt og varmt. Ekstra stas vart det med ein fin bukett born som song Astrid Lindgren-songar.

Open dag: Å høyra til!

Av redaktør søn 08.10.2023 - 19:58
Fredag inviterte barnehagen og skulen i Eksingedalen familie og heile bygda til føremiddagsmat på oppveksttunet. Med på kjøpet fekk gjestane triveleg prat med naboar og kjente dei ikkje hadde sett på ei stund, underhaldning og informative plakatar på veggane. Invitasjonen var i høve "Verdsdagen for psykisk helse" der temet i år er "Å høyra til".

Familiane og bygdefolket er viktige for oppveksttunet - og denne dagen ville oppveksttunet vera ein samlande stad for alle. Her skulle alle kjenna at dei høyrer til saman med mange.

Kantklipping i Eksingedalen

Av Magnar tir 15.08.2023 - 21:15
Vegen gjennom Eksingedalen er smal og svingete. No i august er den blitt visuelt endå smalare på grunn av at kantvegetasjonen mange stader legg seg inn over vegbana. Behovet for kantklipping er stort. Plantar og busker tek borti sidene på bilane når ein køyrer. Det er ikkje råd å sjå veg-grøftene lenger der det er mykje kantvegetasjon.

Eksingedalen Bygdaråd har sendt spørsmål til Presis Vegdrift om når kantklipping blir gjort i dalen. Svaret er slik: Kantslått skal i følgje vår kontrakt med VLFK foregå mellom 20. mai og 30. juni på første klipp. 2. klipp skal foregå frå 1. august og fram til 15. september.
I år under 1. klipp var det ein tørkeperiode og skogbrannfaren vart så stor at vi måtte avbryte klipping. 2. kantklipp startet den 1. august og vil gå iht oppsatt plan.

Reisebrev frå ei pilgrimsvandring

Av Liv Anne man 14.08.2023 - 20:42
I Eksingedalen er det mange som har observert "Tante Sigrid", Sigrid Tyssen, vandrande langs veg eller sti. For Sigrid er stadig ute å går, og no som pensjonist er "jobben å gå", seier ho. I tillegg til å gå i Eksingedalen og i byfjella i Bergen, er Sigrid ein ivrig pilgrimsvandrar om sommaren.