Bygdekvinnelaget inviterte fredag til fredagsprat med kaffi og vaflar. Vaffeljernet steikte uvabrote i to timar, og ekstra stas vart det med uventa toradarspelarar som kom innom.
Ved nyttår 2026 kom Merita Tjelta Dalland og Stein Dalland med flyttelass til Lavik. Med seg hadde dei 130 sauar og åtte hundar. Katten Rasmus tok i mot dei i Ridnatunet, som bindeledd frå tidlegare eigarar, Astrid og Rune Lavik.
Med dette kom det sau att til garden på Lavik, og ein gard i Eksingedalen kom i drift att.
Vaksdal kommune har nett no fleire høyringssaker som er aktuelle for vår del av kommunen. I ei høyringssak ynskjer kommunen innspel og tilbakemeldingar frå innbyggjarane for å danne eit godt grunnlag for å kunne gjere eit politisk vedtak. Sakshandssamarar frå kommunen lagar eit saksframlegg. Så er det vår oppgåve å lese dette og gi tilbakemelding, anten som enkeltpersonar eller som medlemer i eit lag/organisasjon.
Sakene no gjeld jakt, arealplan og stadnamn.
Denne veka avslutta turgruppa sesongen med onsdagsturar. Fleire av turgjengen som var med denne veka har gjennomført alle 16 trimturane i Fjelltrimmen, dette vart feira med kake og sjokolade!
Tysdag var det barneteater i Ljosheim, midt på dagen. På scena stod Kari Sognæs Finne og Astri Sudmann.
Arrangementet var eit samarbeid mellom Grendahuset Ljosheim og oppveksttunet. Dei eldste elevane var teatervertar, og møtte alle born og elevar i vangen med nysteikte lappar som velkomst.
Denne månaden skjer det mange kjekke ting i lokalt i Vaksdal og i kommunane rundt oss.
Informasjonsfaldaren er ikkje så tilgjengeleg i år, difor ligg den elektronisk her:
Tysdag 8.september inviterer Grendahuset Ljosheim og Eksigngedalen oppveksttun til Barneteater i Ljosheim.
Dei eldst elevane ved oppveksttunet er teatervertar. "Olle Bolle og Storebrum" er ei song og forteljarførestilling med utgangspunkt i Elsa Beskow, formidla av dyktige damer frå Voss: Astri Sudman og Kari Finne Sognnæs.
Forestillinga er open for born og vaksne i alle aldrar!
Frå Vaksdal Kommune si nettside.
Foto: Kimm Saatvedt, Det kongelege hoff
Hans Majestet Kong Harald har gjennom eit langt liv i teneste for landet vore ein samlande monark for Noreg. Vaksdal kommune sender sine djupaste kondolansar til kongefamilien.
– På vegne av Vaksdal kommune vil eg uttrykka vår djupaste medkjensle med Dronning Sonja og kongefamilien ved bortgangen til Hans Majestet Kong Harald, seier ordførar Hege Eide Vik.
Det er alltid stas å starte opp att i skule og barnehage i august. Ekstra stas var det for dei tre elevane som starta i første klasse.
Det er 17 år sidan skulen sist har hatt tre elevar i same klasse, så for skulen er dette ekstra kjekt!
Elevtalet aukar på skulen i Eksingedalen.