Både Kongen og Anna, Jørn og Knut er klare
Eksingedalen stiller sterkt når Kong Harald kjem på offisielt besøk onsdag 27.mai. Anna Sveinungsdatter Bergo og Knut Trefall frå Eksingedalen, og Vaksdal sin mest taleføre og kongekyndige, Jørn Øyrehagen Sunde, skal losa Kongen gjennom ei rekkje kulturelle og historiske smakebitar frå kommunen vår.
Dobbel lukke! Hurra!
Ein historisk lukkeleg dag! Torsdag 12.februar vart det fødd to nye eksingedølar, med tre timars mellomrom. Dei to borna alle veit om at er ventande dette året, valde å bli fødde på same dag!
- Kva var oddsen for det? smiler Annika.
Terminen var det nokre få dagar imellom, no deler Sunniva og Annika barselstida på Føden på Voss.
- Kva var oddsen for det? smiler Annika.
Terminen var det nokre få dagar imellom, no deler Sunniva og Annika barselstida på Føden på Voss.
Årsmøte i Eksingedalen IL
Eksingedalen IL heldt årsmøte laurdag 6.februar. Som vanleg inviterte styret i idrettslaget til laurdagsgraut og premieutdeling før møtet.
-Sosiale treffpunkt er viktige i Eksingedalen, seier Anna, som er leiar i Eksingedalen IL. Difor nyttar me høvet til å invitera til laurdagsgraut i gymsalen.
-Sosiale treffpunkt er viktige i Eksingedalen, seier Anna, som er leiar i Eksingedalen IL. Difor nyttar me høvet til å invitera til laurdagsgraut i gymsalen.
Eksingedalen har fått beredskapsnett
Like før jul kom Oliver Gravermoen frå Vaksdal kommune med julegåve til Eksingedalen: Eit satelittbasert beredskapsnett, som er eit pilotprosjekt til utprøving.
"Eksingedalen beredskapsnett" er tilgjengeleg både på skulen og ute på skuleplassen.
Det er Vaksdal kommune og Vestland Fylkeskommune som har sett opp dette nettet. Nettet er opent og gratis, og skal fungera om fiberkabelen sviktar.

Stemningfull Vintersong i Ljosheim
Konserten "Vintersong" med Sigrid Moldestad, Esbjörn Hazelius og Johan Hedin vart ei stor oppleving, på sjølvaste "Lussiadagen". Dei dyktige musikarane fylte Grendahuset Ljosheim med nydeleg musikk, vakre ord og stor varme.
- Av det aller beste me har opplevd i Ljosheim, sa ein av publikum etter konserten.
- Av det aller beste me har opplevd i Ljosheim, sa ein av publikum etter konserten.
Nytt toalett ved kyrkja på Nesheim
Opninga av toalettet skjedde med snorklipping søndag 19. oktober. Snora var toalettpapir, som vart klipt av leiar i soknerådet i Nesheim sokn, Gøril Kvinge Nesheim. Håkon Øvstedal og Anita Gullbrå assisterte. Solfrid Urke Nese fotograferte. Så heile soknerådet hadde oppgåver under opningsseremonien.
Nytt toalett har stått på ynskjelista til soknerådet i mange år. Så etter fleire rundar, først med å få på plass finansiering og så det praktiske med plassering og utforming, er me endeleg i mål.
Døra inn til toalettet er den til høgre.

Dåpsfølgje i Eksingedalen
Kvinne- og familielaget i Eksingedalen har samla inn dåpskjolar og dåpshuer frå bygda. Utstillinga har stått i Ljosheim heile september, og vil ver der eit par veker til.
Størst er samlinga av dåpshuer, som er teke godt vare på. Utstillinga vert ståande i Ljosheim eit par veker til.
Størst er samlinga av dåpshuer, som er teke godt vare på. Utstillinga vert ståande i Ljosheim eit par veker til.
Utegudsteneste i Beinhelleren i maleriske omgjevnader
Utegudstenester i Beinhelleren har vorte tradisjon i Nesheim sokn. Etter å ha besøkt ein del stølar i soknet med utegudsteneste, har ein dei siste åra brukt Beinhelleren til dette. Her er det kort avstand frå parkering til gudstenesteterrenget. Dette gjer desse gudstenestene tilgjengeleg for mange. Dette året var det i tillegg til majestetisk natur også eit strålande vær.
Bratt, brutal og intens motbakke!
- Det er godt eg hadde gløymt kor ille det er, sa super-veteran Ragnhild Korneliussen då ho hadde fått pusten att på Mjelkeplassen.
Motbakkeløpet tok 10 minutt og 11 sekund for den som var raskast, trimmarane brukte 20 minutt. 30 deltok denne fine søndagsføremiddagen.
Motbakkeløpet tok 10 minutt og 11 sekund for den som var raskast, trimmarane brukte 20 minutt. 30 deltok denne fine søndagsføremiddagen.
Traktorar og livlege sauar slo an tonen for Eksingedalsmarknaden
Folk strøymde til - og mange vart verande dei fire-fem timane Eksingedalsmarknaden varte. Alt tyda på at folk kosa seg med at det endeleg var marknad på Lavik att.
Det var sju år sidan sist. Innimellom dette vart marknaden stoppa først av pandemi, deretter brann butikken. Difor var gleda ekstra stor då ein no inviterte til marknad att, med heilt ny butikk. Nett dette var det mange som snakka om.

Hiri og Herborg ordnar opp på Lavik - pangstart på aktiv helg i Eksingedalen.
Sauane Hiri og Herborg må nok ein gong ordna opp. Bonden har bursdag, men det har dei gløymt. Myggen vil øydeleggja for dei, og vêren er vorte trafikkpoliti. Heldigvis er dei verdas beste sauar!
Sauane kjem til marknaden på Lavik, like etter traktorparaden!
Sauane kjem til marknaden på Lavik, like etter traktorparaden!