Endeleg M A R K N A D!
23. august 2025. Då vert det Eksingedalsmarknad på Lavik. Det er berre å merka av datoen i kalendaren - og gle seg!
Fiberkabel heilt heim til eksingedølane
Remy Mjelstad (t.v) og Frode Nyhammer, begge frå Telenor, kom med julegåva til Eksingedalen på folkemøtet i Ljosheim mandag: Fiberkabel heilt inn i stova til alle husstander frå Flatekval til Trefall.
No har det løyst seg for dei i Eksingedalen som drøymer om å få fiberkabel heilt fram til stova. Vaksdal kommune har teikna kontrakt med Telenor, og Telenor på si side har også teikna kontrakt med entreprenøren ElTel om fiberutbygging i Eksingerdalen. Tempoplanen går ut på å strekkja fiberkabel fram til alle interesserte i løpet av 2023, med praktisk gjennomføring av prosjektet når den hardaste vinteren slepp taket.
Tilbodet gjeld både verksemder, bønder og private. Området det gjeld i denne omgangen, er frå Flatekval til Trefall. Resten av dalen kan kome med i ein mogeleg neste runde, men denne gongen gjeld det altså signal som primært skal ut frå sentralen som Telenor har på Flatekval.

Teskeikjerringa kom til Eksingedalen
«Det var en gang ei kjerring som la seg og sovna om kvelden, slik som kjerringer pleier å gjøre. Og dagen etter vakna hu, slik som kjerringer pleier å gjøre, men da var kjerringa blitt så liten som ei teskje, og det pleier ingen kjerringer å bli.»
Frå tun til tun, i kjellar og fjøs.
"Skal me finna på nåke, no ei stund før jul?"
Idèen fekk blomstra, og vart sett ut i livet siste laurdagen i november. Her kunne ein handle, julegåver kanskje, i ei oppussa avdeling av gamlefjøset på bruk 1. På Bergo i Eksingedalen. Så gjekk det an å traske dei 150 metrane til bruk 2 der det var kafè med varm betasuppe. Mykje anna var det også å få kjøpt i kjellarrommet som denne dagen var innreia med bord og stolar.

Fest for feiande flott 125 åring
Laurdagskvelden var ungdomshuset Ljosheim fylt opp av bygdefolk og tilreisande – for å gjere stas på huset som er 125 års jubilant !
Songglede i haustmørket i Eksingedalen
Ein nydeleg haustkveld, med himmelen full av stjerner. Det var ramma for konsert i kyrkja på Nesheim. Inne i kyrkja glitra syngjande stjerner i haustmørket.
Juleopning på Nærbutikken!
Første helga i advent er i år i november, og dette makerer Hege på butikken med juleopning fredag 25.november kl 15. Då opnar julebutikken i Eksingedalen, og når det mørknar vert alle lysa tente.
Praktbok om Eksingedalen
- De her oppe i Eksingedalen, de får jo te alt!
Ordførar Hege Eide Vik var ikkje berre ein formell ordførar då ho kom med uhemma ros til bygda. Ho var også skikkeleg entusiastisk og kulturstolt på boksleppet i Ljosheim torsdag 10. november.
Boka, som det var bokslepp for, er «Drivkraft i Eksingedalen».

Drivkraft i Eksingedalen
Tittelen er "Drivkraft i Eksingedalen", og no er alt er klart for bokslepp! Bøkene er på plass, og vil få utsalsprisen 390 kroner. Dei som handlar bok på bokslepp i Ljosheim torsdag 10.november vil få kjøpa boka til "bokslepp-pris", som er 350 kroner! Ein kan kjøpa så mange ein vil, og tilbodet gjeld der og då.
Det vert også sal av strikkepakker og mønster på Skul-Anna genser, barnegenseren Knytingen og småstrikk med vevrosemønster.

"Som å køyra på fløyel"
Desse orda kom frå ein person som skulle ta turen over Nesheimsfjellet etter å ha vore på jobb i Eksingedalen. Det som det vart sikta til var den nylagde asflaten på delar av vegen.
Det er eit særs viktig arbeid som er blitt utført av IB Maskin (grunnarbeid) og NCC (asfaltering). Dette er gjort på oppdrag frå Statens Vegvesen.

Den lokale butikken er best!
Heldigvis er det mange som tek turen til den lokale butikken på Lavik for å handla lokalt. Ekstra mange var det på "handle lokalt-dagen" som vart markert torsdag.
Alle fekk servert pølser, og det var aktivitetar og konkurransar.