Idrettslaget inviterer til PÅSKEREBUS!

Av Liv Anne fre 03.04.2020 - 19:04
Eksingedalen idrettslag inviterer alle med på påskerebus. Idrettslaget har som mål at alle kan ha ein felles aktivitet i påska, sjølv om ein ikkje kan vera saman. Rebusen kan gjerast åleine eller saman med dei ein bur med. Aldersgrense: 0-100 år.

Postane er komme opp - og er å finna frå Ljosheim på Flatekval til enden av vegen på Gullbrå. Det er i alt 9 postar med ein bokstav og eit bilete på kvar post. Rekkefølgja ein hentar inn i, har ingeneting å seia. For til slutt set ein dei 9 bokstavane saman til eit løysingsord.

Frist for innlevering er fredag 10.april kl 20. Vinnarar kan henta premie hjå Hege på butikken påskeafta.

Fjelltrim i påska?

Av Liv Anne tor 02.04.2020 - 18:34
Me er heldige som har både korte og lange turar her me bur i Eksingedalen. Å gå i kø treng me heller ikkje vera redde for, slik ein må passa seg for andre stader i desse dagar. Turgruppa har sett opp turprogram for våren, og håpar at onsdagsturane kan gjennomførast.

Den årlege fellesturen til Kvitanosi kan me ikkje planleggja som fellestur denne påska, sidan situasjonen er som den er i verda. Om du skal til fjells i påska så ver merksam på at det er mykje snø i fjellet. Siste tida har det vore mykje nedbør, både snø og regn - og med mykje vind i tillegg er det store skavlar og stor rasfare. Bruk varsom.no.

Kanskje det freistar å samla poeng til Fjelltrimmen?

 

Mobile Worker

Uni

Vegstenging på fjellet, Fv 313

Av Liv Anne søn 18.11.2018 - 21:15
På grunn av utbetringsarbeid ved Svalhamrane, rett ved Utsikten, vert vegen stengt i lange periodar i tidsrommet 14.november - 20.desember.

ARBEIDSTIDSROM: Måndag - fredag 08.00 - 20.00, laurdag 08.00 - 18.00
Opningstider: 12.00 - 12.30 og 16.00 - 16.30

Fri ferdsel frå laurdag kl 18.00 til måndag kl 08.00

Fiber i vegg

Av Magnar tir 06.11.2018 - 22:50
Å få lagt fiberkabel fram til husveggen til dei i Eksingedalen som ynskjer det, har vore på Eksingedalen Bygdaråd si satsingsliste ei god stund. Etter at mobilutbygginga i dalen no er fullført, er dette arbeidet teke opp att. Dersom du prøver å bestille fiber hjå Telenor får du melding om at det ikkje er planar om utbygging i Eksingedalen. I nedre del av dalen er det sendt ut tilbod om breiband levert over mobilnettet. Kundehandsamarane i Telenor påstår at dette er framtida. Til tross for dette held Bygdarådet fram med arbeidet. Her kan du lesa brevet som er sendt til Telenor.

Trimgjengen vil ha med fleire!

Av Liv Anne ons 31.10.2018 - 22:50

Første onsdagstrim er gjennomført! Som alltid to rundar sirkeltrening med påfølgjande volleyball for dei som vil det.
Som det går fram av biletet, er det er god plass til fleire trimmarar! Berre seks av postane var opptekne i kveld. Ein kan melda om at alt gjekk bra, ingen skader på første treninga i år. Styrketrening gjer godt, så møt opp. Kjekt er det også!

Strikkahuer reddar liv

Av Liv Anne tir 30.10.2018 - 21:56

Ni år: 4 036 babyhuer til Malawi og Zanzibar. Og i tillegg mange, mange teppe, sokkar og «bodyar». Dette har damene i Eksingedalen, Eidsland og Modalen samla inn gjennom ni år. Alt er strikka i bygdene for å hjelpa nyfødde born til å halda varmen.

Mykje kjekt i vente!

Av Liv Anne tir 23.10.2018 - 14:46
Når hausten kjem er Eksingedølane klare for sesongstart med organiserte aktivitetar; inne og ute.

FRILUFTSGRUPPA har oppstart torsdag 25.oktober kl 16.30 - og er for alle born/ungdommar i skulealder.
Stad: Gapahuken i Almane
Sjå kalenderen på sida for datoar framover.

ONSDAGSTRIM i gymsalen på skulen startar onsdag 31.oktober, kl 20.00. Er for alle frå 8.klasse og oppover! Det vert trim kvar onsdag framover.

STRIKKEKAFE i Ljosheim måndag 29.oktober kl 19.30: Innsamling av huer - og Liv Marion frå Garnsenteret som gjest

Siste innspurt for Fjelltrimmen 2018!

Av Liv Anne ons 10.10.2018 - 21:46
Manglar du postar i Fjelltrimmen 2018? Ja, då er det klart for siste innspurt! Første skifte av bok skjer 10.oktober, og i løpet av dei to kommande vekene reknar ein med at alle bøkene vil vera bytt. Om du manglar ein post og boka er ny, er det fram til 25.oktober høve til å registrera seg i "gammal bok" sjølv om den er bytt ut. Ta berre kontakt med ein i turgruppa!

Som vanleg vert det premiering på Eksingedalen IL sitt årsmøte i januar. Har du alle 15 postane, ja - då får du krus med motiv frå Yksendalstølen!