Kven skal bli årets Eksingedøl?
Kven syns DU at skal får heidersteiknet "Årets Eksingedøl" dette året?
Prisen vert delt ut av Bygderådet 17.mai, og det er folket som bestemmer kven som er kandidatar!
Gjennom denne prisutdelinga ynskjer ein å setja pris på positivt engasjement for bygda.
Prisen vert delt ut av Bygderådet 17.mai, og det er folket som bestemmer kven som er kandidatar!
Gjennom denne prisutdelinga ynskjer ein å setja pris på positivt engasjement for bygda.
Informasjon frå Bygderådet
Årsmøtet i Bygderådet valde nye medlemmar til styret. Dei som er med i styret er:
Einar Hovda Nilsen, Håkon Øvstedal, Britt Eide og Liv Anne Bergo. Liv Anne er det kommande året leiar av Bygderådet.
Styret ynskjer å gje kort informasjon om kva ein jobbar med, undervegs i året, her på Eksingedalen si eiga heimeside. Styret vert også glad for alle som engasjerer seg og har innspel til oppgåver.

Fest med fordums tid som bakteppe
50 år
Eksingedalen feira skulen sin, og barnehagen sin, torsdag førre veke. Betasuppe, saft, kaffi og kaker stod på menyen for både tilreisande og bygdefolk denne ettermiddagen. For det var fleire som hadde brukt ein del timar i bil for å vera med på festen.
Ved inngangsdørene vart ein møtt med bilete av dei 5 skulane som var i dalen på eit tidspunkt. Berre den som stod på Bergo, og heitte Fagerbø skule, er riven. Dette for å gi plass til nyeskulen, som vart opna i 1972. Borna vart no samla på ein skule, mot to i åra før samanslåing.

30 + 50 år for barnehage og skule!
Born, elevar og tilsette ved Eksingedalen oppveksttun inviterer til haustfest for å feire 30 og 50 år for barnehagen og skulen. Den aller fyrste fyrsteklassen der alle borna i Eksingedalen var samla byrja i august 1972.
Hausten 1992 flytta barnehagen inn i nytt tilbygg til skulen.
Stor stemning "Gygrakjeften Opp"!
"Gygrakjeften Opp" var ein suksess. Deltakinga var stor og vêret upåklageleg, så arrangøren Eksingedalen IL kunne gle seg over ein kjekk føremiddag.
I konkurranseklassen stilte 16 opp til start, og i tillegg var 11 med i trimklassen.
Nygifte i Eksingedalen
Laurdag 16.juli var det på nytt giftarmål i Eksingedalen. Synva Dortea Rivenes og Håvard Bergo gifta seg på Haugane på Bergo.
Eksingedalen.no gratulerer paret!
Hjortebur
Unghjort som leikar seg på nysådd attlegg på Brakestad
Den aukande hjortestamma i Noreg har i mange år gjort skade på både skog og innmark. Dette er dokumentert fleire stader i landet gjennom forsøk.
Dette året, altså 2022,blir det gjort eit slikt forsøk i Eksingedalen. Det er Norsk Landbruksrådgiving Vest (NLR Vest) som gjer jobben med økonomisk støtte frå viltfondet i Vaksdal kommmune.

Og dei sa JA
Hanna Gullbrå og Thor Olav Frette vart vigde i Nesheim kyrkje 2. juli 2022.
Me gratulerer ekteparet Hanna og Thor Olav Gullbrå.
Regnbogeflagg til støtte
Regnbogeflagget vert heist ved skulane og utanfor Heradshuset i Vaksdal kommune i dag, 26.juni. Flagget markerer støtte for dei råka i hendingane i Oslo natt til laurdag.
Klarte idrettsmerket-sjå glisa.
Fem smørblide medlemer av Eksingedalen IL etter fullført dyst. Fotografen, som også fulførte, fekk berre sykkelen med på biletet.
10.klasse ut i verda!
Ein 10.klassing vert sendt ut i verda frå Eksingedalen oppvekstun. Silje Gullbrå, vert bore på gullstol av klassekameratane i ungdomsskulen.
Sherpatrapper gjev standsmessig stølsveg
Sherpaene er på plass att i Yksendalen, og etter to dagar med arbeid er steinar komme på plass i dei første stega på stølsvegen. I dag kunne "onsdagstur-følgjet" studera steinleggjing og arbeid med store steinheller på nærthald.