Kven skal bli årets Eksingedøl?
Kven syns DU at skal får heidersteiknet "Årets Eksingedøl" dette året?
Prisen vert delt ut av Bygderådet 17.mai, og det er folket som bestemmer kven som er kandidatar!
Gjennom denne prisutdelinga ynskjer ein å setja pris på positivt engasjement for bygda.
Prisen vert delt ut av Bygderådet 17.mai, og det er folket som bestemmer kven som er kandidatar!
Gjennom denne prisutdelinga ynskjer ein å setja pris på positivt engasjement for bygda.
Informasjon frå Bygderådet
Årsmøtet i Bygderådet valde nye medlemmar til styret. Dei som er med i styret er:
Einar Hovda Nilsen, Håkon Øvstedal, Britt Eide og Liv Anne Bergo. Liv Anne er det kommande året leiar av Bygderådet.
Styret ynskjer å gje kort informasjon om kva ein jobbar med, undervegs i året, her på Eksingedalen si eiga heimeside. Styret vert også glad for alle som engasjerer seg og har innspel til oppgåver.

Kom og bla i historia til ungdomslaga og Ljosheim!
Dette året feirar Grendahuset Ljosheim 125 år. Ei gruppe skrivande damer med medhjelparar er i ferd med å skriva bok om huset, ungdomslaga og korleis det gjekk til med skiping av boklag, to ungdomslag og bygging av ungdomshus her i Eksingedalen på slutten av 1800-talet.
Måndag 13.juni mellom klokka 17 og 20 inviterer boknemnda til ope hus i Ljosheim. Dei ynskjer seg alt av bidra til soga som finns rundt om i dalen.
Måndag 13.juni mellom klokka 17 og 20 inviterer boknemnda til ope hus i Ljosheim. Dei ynskjer seg alt av bidra til soga som finns rundt om i dalen.
Omreisande med stjerner
Torbjørn Urke har reist rundt med stjerner i mange, mange år. Ved å spreia gode oppleving har han garantert lyst opp mange skuledagar og samstundes opplyst mange på sine reiser. For stjerneteltet til Torbjørn er det fleire tusen som har krabba inn og ut av.
At 80-årsdagen var eit påskot for å få opp teltet att, vart glede for både familie og alle på oppveksttunet i Eksingedalen.
At 80-årsdagen var eit påskot for å få opp teltet att, vart glede for både familie og alle på oppveksttunet i Eksingedalen.
Årets Eksingedøl 2022: Evelyn Gullbrå
Evelyn Gullbrå, Dugnadsdama (med stor D), fekk velfortent heiderstittelen "Årets Eksingedøl".
Prisen vert delt ut kvart år på 17.mai til ein person som har gjort ein spesiell innsats for bygda.
Prisen vert delt ut kvart år på 17.mai til ein person som har gjort ein spesiell innsats for bygda.
"HIPP, HIPP, HURRA!" i Eksingedalen!
Ein nydeleg dag i Eksingedalen, endeleg kunne me feira 17.mai att - og det i eit fantastisk fint vêr!
Togturen var ein kilometer, med dei tre ungdomsskule-elevane som flaggborg.
Togturen var ein kilometer, med dei tre ungdomsskule-elevane som flaggborg.
Eit hjarte for oppveksttunet i Eksingedalen
Elevar og lærarar ved oppveksttunet er opptekne av mange ting. Når naturen i kring vaknar til liv att etter vinteren, vert planter, blomar og bier viktig del av skulefaga. Her jobbar dei saman, i ulike aldrar. Siste veke laga dei eit hjartebed. "Dette hjartet skal symbolisera samhald, mangfald og fellesskap i Eksingedalen", skriv elevane.
No ynskjer dei seg stauder til å fylla i hjartet.
No ynskjer dei seg stauder til å fylla i hjartet.
17.mai - fest i Eksingedalen
I år vert det endeleg tradisjonell 17.-mai fest att ved Eksingedalen oppveksttun. Feiringa startar med 17.mai-tog kl 12.
Sambygding Lars Patterson heldt tale for dagen.
Sambygding Lars Patterson heldt tale for dagen.
Gamle åkle og mykje historie
Nordhordland Husflidslag og Osterøy museum arbeider saman med fire vevarar og åkle-ekspertar for å laga ei bok om åkle i regionen. Ein ettermiddag sist veke var oppveksttunet i Eksingedalen registreningsstad for gamle åkle. Denne dagen vart åkle frå Eksingedalen registrerte og fotograferte, kvart teppe med si historie
Langfredagstur til Kvitanosi
Tradisjonen med tur til Kvitanosi langfredag er vide kjent. Godt skiføre og bra ver fekk mange til fjells.
Og det var GOD BINGO
Endeleg vart det bingo! Det er godt når tradisjonar er på plass att!
Årsmelding Bygdarådet
Forslag til årsmelding frå Eksingedalen Bygdaråd er no tilgjengeleg under denne saka. Årsmeldinga er lagt ut som klikkbart vedlegg. Uttalen vedrørande konsesjonsfornyinga for Evangerutbygginga er også lagt ved her. Dette på grunn av at dette er den saka som det er brukt mest tid på i meldingsåret.
Innkalling og sakliste finn du også her.
Innkalling og sakliste finn du også her.