No er det komme opp fine skilt over bygda sine informasjonstavler. Tavlene skal fortlja "Kva skjer?" og gje informasjon om "Sal og utleige" i Eksingedalen
Eksingedalen stiller sterkt når Kong Harald kjem på offisielt besøk onsdag 27.mai. Anna Sveinungsdatter Bergo og Knut Trefall frå Eksingedalen, og Vaksdal sin mest taleføre og kongekyndige, Jørn Øyrehagen Sunde, skal losa Kongen gjennom ei rekkje kulturelle og historiske smakebitar frå kommunen vår.
Det var stor interesse og godt engasjement då Eksingedalen/Vaksdal bondelag skipa til kurs i avliving, slakting og partering laurdag som var. Lokala til Eviny på Eidslandet vart midlertidig gjort om til "kjøthall" - der 7 dyr vart slakta og 5 dyr delte opp.
Grendahuset Ljosheim held årsmøte mandag 24. februar kl. 19.30
I tillegg til vanlege årsmøtesaker vert det informert om framdrift i husvøla. Det vert også planlegging av jubileum. Klikk på "Les meir" for å få fram fullstendig sakliste. Heilt nederst på sida kan du klikke på Grendahuset Ljosheim og få opp både saklista og årsmelding for 2021.