Idrettslaget inviterer til PÅSKEREBUS!

Av Liv Anne fre 03.04.2020 - 19:04
Eksingedalen idrettslag inviterer alle med på påskerebus. Idrettslaget har som mål at alle kan ha ein felles aktivitet i påska, sjølv om ein ikkje kan vera saman. Rebusen kan gjerast åleine eller saman med dei ein bur med. Aldersgrense: 0-100 år.

Postane er komme opp - og er å finna frå Ljosheim på Flatekval til enden av vegen på Gullbrå. Det er i alt 9 postar med ein bokstav og eit bilete på kvar post. Rekkefølgja ein hentar inn i, har ingeneting å seia. For til slutt set ein dei 9 bokstavane saman til eit løysingsord.

Frist for innlevering er fredag 10.april kl 20. Vinnarar kan henta premie hjå Hege på butikken påskeafta.

 

Mobile Worker

Fjelltrim i påska?

Av Liv Anne tor 02.04.2020 - 18:34
Me er heldige som har både korte og lange turar her me bur i Eksingedalen. Å gå i kø treng me heller ikkje vera redde for, slik ein må passa seg for andre stader i desse dagar. Turgruppa har sett opp turprogram for våren, og håpar at onsdagsturane kan gjennomførast.

Den årlege fellesturen til Kvitanosi kan me ikkje planleggja som fellestur denne påska, sidan situasjonen er som den er i verda. Om du skal til fjells i påska så ver merksam på at det er mykje snø i fjellet. Siste tida har det vore mykje nedbør, både snø og regn - og med mykje vind i tillegg er det store skavlar og stor rasfare. Bruk varsom.no.

Kanskje det freistar å samla poeng til Fjelltrimmen?
Uni

Aktiv fjelltrim i Eksingedalen

Av Liv Anne søn 28.01.2018 - 19:22
Turgruppa i Eksingedalen IL melder om nok eit aktivt turår i Eksingedalen! Aldri før har så mange registrert seg i Fjelltrimbøkene. Det er notert 3 235 namn i 2017, mot 2 635 namn året før. Heile 80 av dei 101 medlemmane i laget har namnet sitt i ei eller fleire av Fjelltrimbøkene, ein auke på 569 oppføringar av medlemmar på tur. 28 har greidd alle dei 15 postane, og dei får kruset.

Mykje moro på kom-deg-ut dag

Av Frøydis søn 21.01.2018 - 18:21
I bra vèr og med strålande skiløyper inviterte turgruppa i idrettslaget og det nydanna Vaksdal Turlag til 150 års feiring av DNT med kom-deg-ut dag denne søndagen. Arrangørane hadde førebudd og sett saman eit variert og fleksibelt program som såg ut til å passe alle.

Tøffe ungar på direkte-TV

Av Frøydis tor 18.01.2018 - 18:34
Den Norske Turistforening DNT feirar 150 år i desse dagar. I samband med dette fekk Vakdal kommune besøk av NRK1 og "Norge nå" i kveld, sidan det ferskaste lokallaget i DNT nettopp er Vaksdal turlag. Sendinga fann stad ved Bergsdalstunet i Bergdalen - og ungar frå friluftsgruppa i Eksingedalen stilte opp i programmet då dei vart spurt.

Nytt Turlag i Vaksdal

Av Liv Anne tor 11.01.2018 - 21:39
Det er rett og slett "flying start" for det nyetablerte Turlaget i kommunen, med heile tre arrangement før første årsmøte! Neste veke fyller Den Norske Turistforening 150 år, med 57 medlemsforeningar rundt i heile landet. I samband med dette sender NRK direkte "Norge nå " frå det aller ferskaste laget, Vaksdal Turlag. Det skjer torsdag 18.januar kl 20.25 - 20.55. Sendinga føregår frå Bergsdalstunet, tema er 150-årsfeiringa og Lars Monsen, Vaksdal Turlag og Friluftsgruppa frå Eksingedalen er mellom deltakarar i programmet. Søndag same veka er det to Kom deg ut-dagar i kommunen, på Nesheim i Eksingedalen og på Lid i Bergsdalen. Begge arrangementa er i samarbeid med dei lokale idrettslaga.