Både Kongen og Anna, Jørn og Knut er klare
Eksingedalen stiller sterkt når Kong Harald kjem på offisielt besøk onsdag 27.mai. Anna Sveinungsdatter Bergo og Knut Trefall frå Eksingedalen, og Vaksdal sin mest taleføre og kongekyndige, Jørn Øyrehagen Sunde, skal losa Kongen gjennom ei rekkje kulturelle og historiske smakebitar frå kommunen vår.
Folkefest med over 200 i Yksendalen
Over 200 kom til den offisielle opninga av Yksendalstrappene laurdag 26.juli. Og det er langt fleire enn nokon kunne gjetta på.
Elementa var mange: Godvêr. ordførar, utanriksminister, stappfull parkeringsplass, varmmat med hamburgarar, lokale lammapølser og knallgod lapskaus. Humørfylte og kunnskapsrike talarar, is og drikke frå nærbutikken, feleslåttar, fullt partytelt, ein kvintett av eit stafettlag og ivrige turgåarar. Og framleis full fart i Bygdarådet sitt partytelt då klokka bikka over midnatt, 13 timar etter at programmet starta.

Turn, styrke, fotball og kaker!
Kjekk opning av Tufteparken tysdag kveld! 45 små og store møtte fram.
Velkommen til opning av TUFTEPARKEN!
Styret i Eksingedalen IL inviterer til offisiell opning av Tufteparkan tysdag 8.juli klokka 19.30!
Bygda vår treng deg!
Bygdarådet i Eksingedalen er offensive. I desse dagar vert det sendt ut brev til utflytta eksingedølar - og til alle som eig eit småbruk eller tidlegare bustadhus og som ikkje er folkeregistrerte her.
Målet er klart: Få fleire fastbuande til Eksingedalen. "Bygda vår treng deg", er tittelen i brevet.
- Dette er stort og viktig for Eksingedalen, seier Lars Patterson som er leiar i Bygdarådet.
Målet er klart: Få fleire fastbuande til Eksingedalen. "Bygda vår treng deg", er tittelen i brevet.
- Dette er stort og viktig for Eksingedalen, seier Lars Patterson som er leiar i Bygdarådet.
Endeleg M A R K N A D!
23. august 2025. Då vert det Eksingedalsmarknad på Lavik. Det er berre å merka av datoen i kalendaren - og gle seg!
Ledig jobb på Oppveksttunet!
Det er ledig jobb i Eksingedalen, for fagarbeidar 2 dagar i veka! Kan òg vera aktuelt med fleire dagar i veka.
Idrettsmerket i boks!
Ein gjeng på seks personar gjennomførte krava til idrettsmerke søndag kveld.
Oppveksttunet har hatt ryddeaksjon!
Eksingedalen oppveksttun har rydda søppel. Mandag 19.mai var ryddedag for heile oppveksttunet. Barnehagen plukka søppel rundt barnehagen og skulen, medan resten av elevane rydda langs fjellvegen, på Fylkesveg 5410.
Ei gruppe starta på Utsikten (mot Teigdalen). Heile vegstrekninga frå Mjelkegjelet og Ormaset til Nesheim vart rydda for brøytestikker og anna boss.
I lekse denne veka ryddar elevane heime – og oppveksttunet oppmodar alle i Eksingedalen om å rydda sin del av dalen vår.

Nasjonaldagsfeiring 2025 i Eksingedalen
Ein triveleg og tradisjonell fest vart det lova frå komiteen, og det fekk me. Varmt og fint, og passeleg med avkjølande vind for dei som hadde bunad.
Årets butikk! I Eksingedalen!
Måndag denne veka fekk butikkeigar Hege Marie Lavik den gjeve utmerkinga: Butikken på Lavik i Eksingedalen vart Årets Merkur-butikk i region Hordaland 2025.
Prisen vart delt ut av Merkur-programmet på Merkur-programmet sin regionale konferanse måndag kveld. Prisen går til butikkar som er gode døme for andre og viser korleis lokalbutikken kan vera ein viktig møteplass og motor i bygda.