Eksingedalen Oppveksttun vart åpna av ordførar Hege Eide Vik, assistert av 1. klassingen Kasper og rektor Liv Anne. Samstundes vart ein kraftig oppgradert leikeplass offisielt teken i bruk. Det skjedde på leikeplassen sitt "skrekkinngydande" apparat, som treng eit norsk namn.
Ein nyopna barnehage har vore i bruk to veker alt, etter ein 10 år lang pause. Det vart retta stor takk til både folkevalde og administrasjon i Vaksdal kommune for smidig og raskt arbeid for å få alt på plass til opningsdagen.