No er det komme opp fine skilt over bygda sine informasjonstavler. Tavlene skal fortlja "Kva skjer?" og gje informasjon om "Sal og utleige" i Eksingedalen
Eksingedalen stiller sterkt når Kong Harald kjem på offisielt besøk onsdag 27.mai. Anna Sveinungsdatter Bergo og Knut Trefall frå Eksingedalen, og Vaksdal sin mest taleføre og kongekyndige, Jørn Øyrehagen Sunde, skal losa Kongen gjennom ei rekkje kulturelle og historiske smakebitar frå kommunen vår.
Førre sommar kom det nytt golv i huset og denne hausten kjem det tett tak på grendahuset Ljosheim. Husastyret melder om at dei har fått så store pengeløyvingar at dei kan setja i gang det omfattande arbeidet.
I august går dei i gang, og håpar på god dugnadsinnsats, aller først med riving av det gamle taket.
For aller første gong vart regnbogeflagget heist ved skulen i Eksingedalen i dag, måndag 14.juni -21. Eit nytt flaggreglement er vedteke i kommunen, og det vedteke at dette flagget skal heisast den andre måndagen i juni kvart år på alle skulane i Vaksdal. Det er tredje gongen flagget vert heist utanfor heradshuset på Dale.
Ved Eksingedalen skule var det 10.klassingane Sigve Øvstedal og Johannes Bergo som heiste flagget.
Onsdagstur til Flatekvalstølen, den fjerde stølsturen i vår. Fellesturane om våren startar der våren kjem først, alltid Eikefetstølen og Vetlejordstølen først - og sist veke var det tur til Nesstølen.
Denne veka fekk bøndene Haldis og Gaute Øvstedal diplom for topp kvalitet på mjølka. Det er Felleskjøpet som deler ut denne prisen, der totalt 150 mjølkebønder vert heidra for ekstra god kvalitet. Det er over 8 000 mjølkebønder i Noreg, og to av dei 150 som leverer mjølk av beste kvalitet, høyrer heime i Vaksdal kommune.