Eksingedalen har fått beredskapsnett

Av Liv Anne tir 30.12.2025 - 10:32
Like før jul kom Oliver Gravermoen frå Vaksdal kommune med julegåve til Eksingedalen: Eit satelittbasert beredskapsnett, som er eit pilotprosjekt til utprøving.
"Eksingedalen beredskapsnett" er tilgjengeleg både på skulen og ute på skuleplassen.

Det er Vaksdal kommune og Vestland Fylkeskommune som har sett opp dette nettet. Nettet er opent og gratis, og skal fungera om fiberkabelen sviktar.

Stemningfull Vintersong i Ljosheim

Av Liv Anne tir 16.12.2025 - 21:43
Konserten "Vintersong" med Sigrid Moldestad, Esbjörn Hazelius og Johan Hedin vart ei stor oppleving, på sjølvaste "Lussiadagen". Dei dyktige musikarane fylte Grendahuset Ljosheim med nydeleg musikk, vakre ord og stor varme.

- Av det aller beste me har opplevd i Ljosheim, sa ein av publikum etter konserten.
Uni

Stor oppleving med «Stjerneteller»

Av Liv Anne tir 02.02.2021 - 15:30
Den kulturelle skulesekken tildeler skulane ulike formidlarar innan kunst og kultur. Det er ei nasjonal satsing, administrert av fylkeskommunen Vestland. Eit av måla er å medverka til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst – og kulturtilbod. Dette fekk elevar og tilsette ved Eksingedalen skule verkeleg i dag.

Ny løypetrasè på Nesheim

Av Magnar tir 02.02.2021 - 12:43
Minusgrader og lite snø gav trygg is på vatna i dalen. Så trygg at langrennsløypa på Nesheim er lagt på isen, og dermed er langre enn før. Ein runde er 3,7 km. Kvaliteten på løypa er god, køyrd med traktor og Skjeldalsfres.
Mesteparten av løypa går på vatnet, med to sløyfer på land som gir motbakkar. Hugs å vere godt kledd, det er meldt kjølig vêr framover.
Løypekart finn du ved å klikke på "les meir". "Rett" retning får du ved å ta til høgre når du kjem ned på isen.

Lagnaden ville det slik

Av Liv Anne ons 23.12.2020 - 10:01
- Eit joleintervju med den eldste i Eksingedalen

Bergit Gullbrå er no den eldste eksingedølen som er bufast i Eksingedalen. Ho har passert 91 år, og har budd på garden Ekse sidan 1952, i meir enn 68 år. Difor eit joleintervju med henne!