Barneteater i Ljosheim

Av Liv Anne man 07.09.2026 - 09:10
Tysdag 8.september inviterer Grendahuset Ljosheim og Eksigngedalen oppveksttun til Barneteater i Ljosheim.

Dei eldst elevane ved oppveksttunet er teatervertar. "Olle Bolle og Storebrum" er ei song og forteljarførestilling med utgangspunkt i Elsa Beskow, formidla av dyktige damer frå Voss: Astri Sudman og Kari Finne Sognnæs.

Forestillinga er open for born og vaksne i alle aldrar!

Vaksdal kommune kondolerer etter Hans Majestet Kong Haralds bortgang

Av Liv Anne fre 28.08.2026 - 15:11
Frå Vaksdal Kommune si nettside.
Foto: Kimm Saatvedt, Det kongelege hoff

Hans Majestet Kong Harald har gjennom eit langt liv i teneste for landet vore ein samlande monark for Noreg. Vaksdal kommune sender sine djupaste kondolansar til kongefamilien.


– På vegne av Vaksdal kommune vil eg uttrykka vår djupaste medkjensle med Dronning Sonja og kongefamilien ved bortgangen til Hans Majestet Kong Harald, seier ordførar Hege Eide Vik.
Uni

Tida med alle årsmøta

Av Liv Anne ons 17.03.2021 - 18:54
Koronaåret har skipla mange datoar. No ser det ut til at årsmøta kan haldast i Grendahuset Ljosheim, og Ljosheim er rigga opp etter smittevernreglar. Alle får tilvist plassar, med god avstand mellom seta. Først ut er Kvinne- og Familielaget, så kjem idrettslaget og Grendahuset Ljosheim rett over helga.

Barnehagen opnar att i Eksingedalen

Av redaktør fre 12.03.2021 - 14:52

Formannskapet i Vaksdal vedtok denne veka at barnehagen i Eksingedalen opnar att i august. "Barn frå Eksingedalen skulekrins får tilbod om barnehage på Bergo, og barn frå Eidslandet krins får tilbod om plass i Modalen", står det i vedtaket til Formannskapet.

Dette er ei "glad-sak" for Eksingedalen!

TINE premierer

Av Magnar ons 03.03.2021 - 08:32
På Nesheim vart de is og nonstop til dessert då TINE premierte for levering av mjølk av høgste kvalitet. Og isen var frå Diplomis, som er eigd av TINE. Alle i familien bidreg i fjøset, og var glade for å få 5-årsplakett. Denne plaketten er trinn 1 av 4 i premieringssystemet.
TINE er eit samvirkefortak, eigd av mjølkebønder, som ynskjer å gjere stas på dei som lukkast med å levera mjølk av topp kvalitet. I produsentlaget Vaksdal/Modalen vart det delt ut to 5-årsplakettar dette året.
Les under kva som må til for å oppnå dei ulike premiane.

Eventyrlystne Laila!

Av Liv Anne fre 19.02.2021 - 14:46
Laila Mette Bolstad reiste siste dagane i januar til ei fjellstove i Rana kommune, rett ved svenskegrensa.

Kvifor gjorde ho det? Jau, for å jobba i førstelinja – for å hindra importsmitte av koronaviruset til Noreg. Døgnet rundt er ho med på testing på landegrensa.

Kurs i førstehjelp utsett atter ein gong - og det er framleis ledige plassar!

Av Liv Anne tir 16.02.2021 - 08:20
Kvinne- og familielaget og Eksingedalen IL inviterer til førstehjelpskurs. Kurset vil ha særleg fokus på hjarte- og lungeredning og opplæring i bruk av hjartestartarane.

Nye kursdatoar er onsdag 24. mars og torsdag 25.mars. Dei påmeldte har fått melding om dette - og det er framleis ledige plassar! Ta i tilfelle kontakt med Britt.

Gudsteneste med påmelding

Av Magnar man 15.02.2021 - 15:44
Søndag 21. februar er det gudsteneste på Nesheim, med årsmøte etterpå. For å delta må du melda deg på. Gudstenesta vert inne i kyrkja. Då har me, etter koronareglementet som gjeld no, berre lov til å vera 10 peronar tilstades, utanom dei som gjer teneste. Det er enno ledig plass.

Stor oppleving med «Stjerneteller»

Av Liv Anne tir 02.02.2021 - 15:30
Den kulturelle skulesekken tildeler skulane ulike formidlarar innan kunst og kultur. Det er ei nasjonal satsing, administrert av fylkeskommunen Vestland. Eit av måla er å medverka til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst – og kulturtilbod. Dette fekk elevar og tilsette ved Eksingedalen skule verkeleg i dag.

Ny løypetrasè på Nesheim

Av Magnar tir 02.02.2021 - 12:43
Minusgrader og lite snø gav trygg is på vatna i dalen. Så trygg at langrennsløypa på Nesheim er lagt på isen, og dermed er langre enn før. Ein runde er 3,7 km. Kvaliteten på løypa er god, køyrd med traktor og Skjeldalsfres.
Mesteparten av løypa går på vatnet, med to sløyfer på land som gir motbakkar. Hugs å vere godt kledd, det er meldt kjølig vêr framover.
Løypekart finn du ved å klikke på "les meir". "Rett" retning får du ved å ta til høgre når du kjem ned på isen.