Ein svalande bris på ein varm dag i fjellet. Dette, samt naturen som vakre kulissar rundt gudstenesta med i underkant av 70 deltakarar, gjorde dåp under open himmel til ei hending for minneboka.
Dei siste åra her det vorte halde stølsgudstenester på ulike stølar i Nesheim sokn. Då ynskje om dåp i utegudstenesta vart ytra, vart Beinhelleren valt som stad. Behovet for å kunna nå staden med bil, gjorde at det ikkje vart ein stølsvoll dette året.