Eksingedalen har fått beredskapsnett

Av Liv Anne tir 30.12.2025 - 10:32
Like før jul kom Oliver Gravermoen frå Vaksdal kommune med julegåve til Eksingedalen: Eit satelittbasert beredskapsnett, som er eit pilotprosjekt til utprøving.
"Eksingedalen beredskapsnett" er tilgjengeleg både på skulen og ute på skuleplassen.

Det er Vaksdal kommune og Vestland Fylkeskommune som har sett opp dette nettet. Nettet er opent og gratis, og skal fungera om fiberkabelen sviktar.

 

Mobile Worker

Stemningfull Vintersong i Ljosheim

Av Liv Anne tir 16.12.2025 - 21:43
Konserten "Vintersong" med Sigrid Moldestad, Esbjörn Hazelius og Johan Hedin vart ei stor oppleving, på sjølvaste "Lussiadagen". Dei dyktige musikarane fylte Grendahuset Ljosheim med nydeleg musikk, vakre ord og stor varme.

- Av det aller beste me har opplevd i Ljosheim, sa ein av publikum etter konserten.
Uni

Ein fin desember-kveld

Av Liv Anne ons 11.12.2019 - 09:40
Å laga kransar og dekorasjonar til jol er kjekt når ein gjer det i lag. I engasjert arbeid kring borda, sat praten og latteren lett hjå damene i Kvinne- og familielaget. Gløgg, kaffi og ferske lussekattar smakte godt inntil.

Tradisjonsmat på alles lepper

Av Magnar ons 27.11.2019 - 21:24
- Det er mykje mat her, de kan eta i heile kveld, sa Liv Anne då ho ynskte velkomen til bokslepp i Ljosheim. Og slik vart det også. Det var mykje å smaka på, og alt som vart servert var laga etter oppskrifter frå boka "Bygdebakst og gommorgraut". Fem damer i Eksingedalen Kvinne- og Familielag har vore boknemnd og samla inn oppskrifter frå alle gardar i Eksingedalen.

Boka er komme!

Av Liv Anne ons 20.11.2019 - 18:05
Eksingedalen Kvinne- og familielag si bok «Bygdebakst og Gommorgraut» er klar! Boka inneheldt 168 sider med meir enn 120 oppskrifter frå Eksingedalen. I tillegg til oppskrifter frå så godt som alle gardane i bygda, byr boka på lokal historie, forteljingar og gode råd. Boka er krydra med «smaksprøvar» i form av bilete, og inneheldt også ein god del eldre bilete av kvinner i arbeid på gardane.