Barneteater i Ljosheim

Av Liv Anne man 07.09.2026 - 09:10
Tysdag 8.september inviterer Grendahuset Ljosheim og Eksigngedalen oppveksttun til Barneteater i Ljosheim.

Dei eldst elevane ved oppveksttunet er teatervertar. "Olle Bolle og Storebrum" er ei song og forteljarførestilling med utgangspunkt i Elsa Beskow, formidla av dyktige damer frå Voss: Astri Sudman og Kari Finne Sognnæs.

Forestillinga er open for born og vaksne i alle aldrar!

Vaksdal kommune kondolerer etter Hans Majestet Kong Haralds bortgang

Av Liv Anne fre 28.08.2026 - 15:11
Frå Vaksdal Kommune si nettside.
Foto: Kimm Saatvedt, Det kongelege hoff

Hans Majestet Kong Harald har gjennom eit langt liv i teneste for landet vore ein samlande monark for Noreg. Vaksdal kommune sender sine djupaste kondolansar til kongefamilien.


– På vegne av Vaksdal kommune vil eg uttrykka vår djupaste medkjensle med Dronning Sonja og kongefamilien ved bortgangen til Hans Majestet Kong Harald, seier ordførar Hege Eide Vik.
Uni

Smalahovelaurdag på Bergo

Av Liv Anne man 21.10.2019 - 20:15
Etter god tradisjon inviterer familien Bergo til smalahovesviing på "gamlemåten" i tunet på Bergo. Dagen er 26.oktober, frå klokka 12. Arrangementet er ope for alle som har lyst til å prøva å svi, sjå på, eller berre vera sosiale.

Open kontordag - tilbod om hjelp til å søkje om regionalt miljøtilskot 2019

Av Liv Anne fre 27.09.2019 - 08:47

Vaksdal kommune held open kontordag på Eksingedalen skule torsdag 3. oktober, frå kl. 12:00 – kl. 17:00. Vèr merksam på at tidspunktet for oppstart er endra frå kl. 10:00 til kl. 12:00
Føremålet med kontordagen er å hjelpe føretak/gardbrukar med søknadsprosessen, spesielt i samband med teikning av tiltak i kart. Grunna endringar, er det ikkje mogeleg å overføre tiltak i kart frå i fjor, og alle tiltaka må difor teiknast på nytt. Dette kan kommunen hjelpe til med, om det trengs.


Fiber i vegg, like viktig som straum og vatn!

Av Liv Anne ons 28.08.2019 - 21:09
"Fiber i vegg er like viktig som straum og vatn!" KRF sin ordførarkandidat Bjart Magnus Rossvold hausta spontan applaus med dette svaret. Spørsmålet var om nokon ville både ta tak i og prioritera å få fiber fram til alle hus. Det viste seg å vera tverrpolitisk semje om nettopp dette, og det gledde dei frammøtte stort.

Andre viktige saker for eksingedølane var betre og meir brukarvenleg eldreomsorg, god kommunikasjon i vid forstand - og ei større prioritering av landbruk og bygdenæring.

Etter svara frå politikarane denne kvelden er det grunn til optimisme: Mange lova ta tak i desse oppgåvene.