Nilsaloppet 2024

Av Liv Anne tor 28.03.2024 - 13:59
Den lokale tre-mila, med namn "Nilsaloppet" gjekk av stabelen i føremiddag. Kor langt av tre-mila deltakarane skulle gå, var heilt valfritt.
Heile 19 stilte til start, og omlag halvparten gjennomførte tre mil.

Alle glade og lukkelege, såg det ut til, uansett kor langt dei gjekk!

 

Mobile Worker

Uni

"Ullet skal hem"

Av Liv Anne lør 06.10.2018 - 19:42
Å sanka har ikkje vore lett for sauebonden denne hausten. Det har snødd, regna og storma - med få solglimt innimellom. No er det sanka i meir enn tre veker, og framleis går det nokre sau att i kring Eksingedalsfjella.
Så: Om du møter sau i fjellet i haustferien, ver grei å gje beskjed til ein bonde!

Gamle bilete frå Eksingedalen

Av Svein tor 20.09.2018 - 21:00
Me har fått tre bilete som er funne på Brekhus. To av dei er datert på baksida til 1920 talet. Dette siste frå Nesheim er ikkje datert. Dersom de vil sjå bileta i større visning kan de stå med pila på bilete, høgreklikke og velge åpne bilde i ny fane. Bilete vil då visast som ei ny fane i nettlesaren.

Storfiskar - men hadde han fiskekort?

Av Liv Anne tir 28.08.2018 - 20:22
Mange fiskarar finn som kjent vegen til den gode fikeelva i Eksingedalen. No i august har ein "ny fiskar" funne vegen hit, ein ukjent fugl som slett ikkje har vore vanleg å sjå her tidlegare. Trygve Nilsen fotograferte denne fuglen i Beinhelleren - og tok kontakt med ein fuglekjennar på Universitetet i Bergen.

"For 2 uker siden møtte vi denne fiskeren i Beinhelleren. Jeg fikk ikke spurt om han hadde fiskekort. Han tar nok mer enn de fleste stangfiskerne. Uken etterpå satt det to av dette slaget på en stein nedenfor brakkeområdet." Seier Trygve i ein epost til medlemmane i Grunneigarlaget.

Lystige turgåarar

Av Magnar tor 23.08.2018 - 18:20
Etter den våte Eksingedalsmarknaden vart det ein opptur å gå til Gullbråholmen i lett yr. På heimturen kikka også sola fram. Tankane frå før på dagen, då det bøtta ned, om "skal me gidda dette", vart snudd til lettare sinnsstenmning.

Stølsdag på Gullbrå

Av Magnar ons 22.08.2018 - 12:01
TINE sitt produsentlag for Vaksdal/Modalen inviterte til stølsdag på Gullbrå søndag 19. august. Vertskapet Anita og Olav hadde teke både garasje og verkstad i bruk til bordseta. Omlag 80 personar deltok. Grillmat, kaffi og kaker vart det på alle.

Vått. Vått. Uendeleg vått!

Av Liv Anne lør 18.08.2018 - 21:11
Men, ingen vart i dårleg humør av det! Regn og vind er slett ikkje uvanleg for Eksingedalsmarknaden. Utstillarar tok det med godt humør og rigga seg til, innerst i telta. Arrangørane arbeidde som berre det, i full regnhyre og støvlar på beina. Straumen kom og gjekk, i alt regnet.
"Alt regnet me har venta på i heile sommar kom no!", sa varaordførar Sigmund Simmenes. Det viktigaste er at alle kjem, med smil om munnen og godt humør.
Eksingedalsmarknaden er ein hyggeleg og god møteplass kvart andre år, ein laurdag i august! Det var folket eininge om!

På rulleski opp dalen

Av Frøydis man 23.07.2018 - 00:27
16. juli stilte 5 tøffe gutar på Eidslandet for årets tur på rulleski opp heile Eksingedalen. På Lavik kom der med enno ein turdeltakar. Der er ein heil del ny asfalt i dalen no, så der er gode forhold både for rulleski og sykkel. Er du sprek er det berre å ta turen.
Video frå 16.juli finn du under